Ryfylke i Rogaland har ei mengde tilbod som passar for grupper av alle slag, for ferie/fritid, blåturar og kurs- og konferanse heile året. Små og store grupper vil kunne få opplevingar for livet. Eit komplett opplegg kan lagast innan Ryfylke eller som ein del av ein tur innan fjordområdet. For grupper kan ein med litt planlegging få opplevingar som ikkje kan oppnåast like lett om ein reiser aleine. Både teambuilding på fagleg høgt nivå eller kun rekreasjon vert tilbydd.
Har du lyst å prøva ei ekte villmarksopplevingar som vert avslutta med kjøtt eller laks tillaga over open eld? Eller eit forhistorisk måltid i autentiske omgjevnader? Vil du velja mellom song og kyrkjehistorie eller erotiske fornminne? Vil du vita kva som gjorde Eirik Blodøks så kjent og kva som bind han til Ryfylke?
Vel du overnatting i lavvo eller i lordens seng? Skikurs eller folkedans? Flåte på elva eller guida fottur? Sightseeing på fjorden eller dampbåt på Suldalsvatnet?
Valet er ditt! Me kan hjelpa med å finne den rette plassen som gjer ditt arrangement eller din tur
vellukka uansett tid på året.
Det er utforma nye forslag til turar, mest innan Rogaland fylke, der mat og kulturopplevingar er i fokus. Turane kan vare frå ein til fire dagar, og kan takast med buss eller sightseeingbåt.
For meir informasjon kan du laste ned brosjyra; Matopplevelser i Rogaland og Opplev tradisjonsrike Ryfylke (2009).