Annonser

Velg region :






Ut på tur - aldri sur

Aktivitetstilbod i Ryfylke

Utforsk Ryfylke sine aktivitetstilbod og kanskje dine eigne grenser?

Ryfylke har all slags ver med hyppig skiftningar. Årstidene gir rom for mange slags aktivitetar. Både grøn og kvit vinter finnst samstundes. Medan snøen ligg meter tjukk i heia og stengar av vegane, kjem våren tidleg langs fjordane. Skisenteret i Svandalen, Sauda har lang sesong. Fruktblomstringa minner deg om at du bør kome tilbake til hausten og smaka! Sommaren kan vera varm, men og kjølig og regnfull. Hugs gode klede til fotturen. Det skal vera nok å finna på i Ryfylkenaturen for store og små!

Ser du på kartet ligg fjordarmane tett. For å sjå mangfoldet i fjordane betre skal du spandera på deg ein båttur. Lysefjorden er då eit godt val! Ruteplan for ferge og sightseeingbåttilbodet på Lysefjorden ligg under Reiseinformasjon i menyen.


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR