Annonser

Skriv utSkriv ut

Vandrarpresten


Avstander
Tau ferjekai39 Km
Hjelmeland ferjekai10 Km
Fasiliteter

Aktiviteter

Fotturer


Sesong

Hele året


Beskrivelse

Vandrarpresten  - Kunsten å gå rikare vidare.

Bli med Vandrarpresten i Ryfylke på tur i frisk luft og med utsikt.
Eg tilbyr fotturar for grupper på dagstur eller over fleire dagar heile året. Sommer 2013: guida turar i Ritlandskrateret, kvar tysdag, onsdag og torsdag i perioden 1 juni til 31 august - sjå arrangementskalenderen for meir informasjon.

Turmål og tema skreddarsyr eg til gruppa sine ambisjonar og behov.

Som bonde og fjellmenneske har eg erfaring med både jakt, klatring, friluftsliv og sau, og har vore turleiar i Den norske Turistforrening på deira sommar- og vinterturar i ei årrekke.  Eg studerte teologi i Norge, Tyskland og Tanzania, og har jobba som prest i 15 år, m.a på prærien i USA. Eg har møtt mange kloke og spennande folk – særleg på tur!

Kva med å bli med meg å gå med sauene til fjells tidleg på sommaren? Eller gå gjennom fjellet seinhaustes på leit etter den siste sauen som ikkje kom heim?

Me har to gjestehus som er knytt til turar og opplevingar saman med Vandrarpresten. Gjestehuset på Gjessfjell ligg i tunet på garden. Her får gjestene våre høve til å ta del i gardsarbeidet den veka dei er hjå oss. Gjestehuset på Laugaland ligg godt til rette for turar i skog og hei og ber preg av ro og ettertanke. Ein sommarkveld på kanotur til bua ved Undestølvatnet er noko av det fine ein kan oppleva her. 

Pris overnatting ei veke pr hus:
 
NOK 700,- inkl mva.
Fredag kl. 17:00 til fredag kl. 12:00
Sengeplass til inntil 8 personar.



Velkomne!

Relaterte produkter
Copyright © Reisemål Ryfylke. Hanne Sundbø

Hjelmeland

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar...

Copyright © Spa Hotell Velvære

Hjelmeland

Spa-hotell Velvære - Konferanse

Spa-hotell Velvære ligg flott til ved sjøen sentralt i Hjelmeland i Ryfylke, med alle fasilitetar for kurs og konferanse for den som vil ut av byen! Lyse lokale med store vindusflater, sjøutsikt og ein behageleg atmosfære. Møterom med plass til 60 og 120...

Copyright © Hetland Media

Hjelmeland

Guida tur i Ritlandskrateret

Vandrarpresten Ingebjørg Vik Laugaland tilbyr guida turar i Ritlandskrateret - eit 500 millionar år gamalt meteorkrater i Hjelmelandsheiane. Lær om den unike geologien i området, ver med på fossiljakt og nyt utsynet over krateret! Dette er ein tur dei...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR