Annonser

Skriv utSkriv ut

Reinarknuten - fottur


Fasiliteter

Avstand

Lengde i km (10,2)


Gradering

Fargegradert turmerking, Krevende


Natur og terreng

Fjell, Liten sti, Total stigning (670)


Sesong

April, August, Juli, Juni, Mai, Oktober, September


Varighet

5 timer


Beskrivelse

På sørsida av Nedre Tysdalsvatnet i Ryfylke reiser Reinarknuten seg, 787 m.o.h. Frå Nasjonal Turistveg Ryfylke (Rv 13) langs Tysdalsvatnet har ein flott utsyn til det majestetiske fjellpartiet, som saman med andre kringliggjande fjellmassiv i eldre tider var viktige seglmerke for sjøfolk (Bjørheimskjeften).

Den merka turstien til Reinarknuten startar ved parkeringsplass på vegen over Leite mellom Bjørheimsbygd og Jørpeland. Turen har ein høgdeskilnad på 450 meter, med enkelte bratte parti. Fotturen tek 5 timar t/r. Ved den gamle varden på toppen er det ei fantastisk utsikt over Nedre Tysdalsvatnet og store delar av Ryfylkefjordane og Ryfylkeheiane.

For å kome opp til dette populære turmålet, tar du vegen opp til hyttefeltet 4 km sørvest for Reinarknuten. Her er det tufter etter stølsbygningar som kan sporast tilbake til middelalderen.

Frå parkeringsplassen går det merka sti til toppen. Den første kilometeren opp til Strandabrynene, går frå glissen furuskog og over i lyngheier. Vidare er det ein noko brattare kneik opp på sørvestsida av Krossen - før det flater ut vel ein kilometer. Du kryssar nå grensa mellom Strand og Hjelmeland kommune. Den siste biten opp til Reinarknuten har ein stigning frå 600 til 748 m.o.h. og er turens hardaste parti. Frå Reinarknuten er det på klare dagar eit praktfullt skode over store deler av Rogaland, frå yttarste holmar i vest til dei høgaste fjelltopper innerst i Ryfylke.

Ruta til Reinarknuten er første del av ein gammal ferdsels- og drifteveg til Årdal og Årdalsheiane. Du kan fortsette til Målandsdalen frå Reinarknuten.

Før oppstiginga til Reinarknuten kan ein sjå ned Skomakarjuvet til Nedre Tysdalvatnet, eit spennande fotomotiv.

Adkomst:
Eigen transport. Rv. 13 til Bjørheimsbygda. Herfrå følg vegen mot Leite og Jørpeland vel 3 km. Ta til venstre til hyttefeltet i Bjørheimsheia.

Løypa: Merka sti. 10 km, høgdeforskjell 430 m. Parkering: Opparbeidet.
Sesong: Mai - oktober.

Relaterte produkter
Copyright © Strand kommune

Strand

Tau

Tettstaden Tau, 10 km frå Jørpeland, utgjer eit knutepunkt i Strand, med ferja til Stavanger, hurtigbåt til fleire plassar samt Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv 13) og andre vegar som fører vidare innover i Ryfylke. Sentrum, som ligg innanfor gangavstand...

Copyright © Rosehagen. - Foto: Anne Berit Amdal- Strandbuen

Strand

Jørpeland - byen ved Preikestolen

Jørpeland er administrasjonssentrum for Strand kommune i Ryfylke, og handels- og servicesentrum for distriktet Søre Ryfylke, Byen med eit rikhalding tilbod er populært kalla Ryfylkebyen Jørpeland. Byen ble historisk sett bygd opp i starten av forrige...

Copyright © Glasskjellaren

Strand

Glasskjellaren

Glasskjellaren er ein kombinert verkstad, utstilling og butikk lokalisert på ein vakker gard i Bjørheimsbygd i Ryfylke, nær Nasjonal Turistveg Ryfylke. Her produserer og sel Astri Vadla Ravnås eit stort utval av produkt av glas frå glaskåler og fat...

Copyright © Reisemål Ryfylke/H.Sundbø

Strand

Strand Turistinformasjon

Strand Turistinformasjon finn du på Narvesen som ligg i Rådhusgata i sentrum av Ryfylkebyen Jørpeland. Med kort veg til Preikestolen, Stavanger og vidare inn over Ryfylke kan dette være et flott utgangspunkt for din ferie.  Strand kommune er 215 km² i...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR