Annonser

Skriv utSkriv ut

Preikestolen - fottur


Fasiliteter

Annen overnatting

Overnatting


Avstand

Lengde i km (7,6)


Generelle fasiliteter

Parkering for buss og lastebil, Parkeringsplass, Servering, wc, Åpent deler av året


Gradering

Fargegradert turmerking, Middels


Natur og terreng

Fjell, Fjord, Høydeforskjell (350m), Skog, Stor sti, Total stigning (350)


Romfasiliteter

Dusj


Sesong

April, August, Juli, Juni, Mai, Oktober, September


Varighet

4 timer


TripAdvisor
Beskrivelse

Preikestolen, ofte feilaktig kalla Prekestolen, er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden. Frå gammalt av hadde platået namnet Hyvlatånnå (høveltanna). Det ca 25 x 25 meter flate fjellplatået blei truleg forma ved frostsprenging for 10000 år sidan.

Sprekken i Preikestolen.
Preikestolplatået kan synast å vera skore ut med kniv. Det vinkelrette sprekkmønsteret er svært tydeleg når man ser platået ovanfrå. Man kan fornemma at store blokker ved sida av Preikestolen har rast ned i Lysefjorden. Langs heile fjorden finn me såkalla trykkavlastningssprekkar, og eit godt døme på dette er sprekken i Preikestolen. Då Lysefjordbreen smelta for drøyt 10.000 år sidan, forsvann trykket frå isen, og fjellet sprakk opp. Det er enkelt å tenkja seg kva som skjer når sprekkane vert djupe nok.

Den største opplevinga får ein på toppen av platået. Preikestolen fjellstue ligg nær Rv 13 sør av Jørpeland og nåes med bil eller om sommaren også med buss frå Tau. Herfrå går det sti til Preikestolen i småkupert terreng med ein høgdeforskjell på 350 meter. Det er gode badevatn og rasteplassar langs stien. Husk godt fottøy, varme klede, mat og eventuelt stavar.
Turen tek ca 4 timar tur/retur, ca 6 km.
Sesong: april - oktober.

Det er overnatting og servering heile året i Preikestolen Fjellstue, som er utgangspunkt for fleire andre merka turstiar. Det er avgiftsbelagt parkeringsplass, infokiosk og sanitærbygg ved p-plassen.

Preikestolen kan også opplevast frå sjøen, anten på sightseeing-båt eller turistferje frå Stavanger, Lauvvik, Forsand eller frå fleire anløpsstader i Lysefjorden. Sjå prisar og rutetider på www.norled.no og www.rodne.no.

Er du av dei som trur at det berre er ein ting å gjera i Preikestolområdet, nemleg å gå til Preikestolen? Feil! Her kan du gjera spanande ting dag etter dag.
Bada, ro, fiska, plukka bær og sopp, studera plante- og dyreliv, rota rundt i kjempeurer, vitja skjulestadar frå krigen - og ikkje minst gå turar. Området er eit eldorado for store og små, gamle og unge. Her er spanande rundløyper i mystisk skogterreng og vil du gå for deg sjølv, loser det spesiallagte orienteringskartet deg trygt forbi trollskog, mosegrodde steinar og idylliske småtjødn.

Dersom du er blant dei som ynskjer større utfordringar - kan du ta ein annan veg tilbake. Eit kort alternativ går over Neverdalsfjellet ca 645 m.o.h.

Her er tre forslag til å forlengje turen:
1. Legg tilbaketuren via toppen av Moslifjellet. Skilt viser kvar den flotte rundløypa tar av. Frå den 718 meter høge toppen er det utsikt over store deler av Ryfylke.
2. Frå Preikestolen følgjer ei delvis varda løype sørvestover langs kanten av Lysefjorden. Her kan du sjølv avgjera kor mange og kor luftige utsiktspunkt du vil oppsøka. Frå Skåpafjellet vender du nordover og passerer garden Torsnes før du kjem tilbake til Preikestolen Fjellstue.
3. Frå Preikestolen følgjer du hovudstien tilbake til Neverdalskardet. Vidare følgjer du ei merka løype austover til Bratteli ved Lysefjorden. Herfrå kan du ta rutebåt tilbake til Lauvvik/Stavanger - eller vidare inn fjorden til Flørli eller Lysebotn.

Merka turløype går Lysefjorden rundt. Godt turkart og eiga guidebok for Preikestolområdet kan kjøpast (norsk, engelsk, tysk og fransk).

Preikestolen er også oppført som attraksjon i Ryfylke Multiguide - ein gratis app for smarttelefonar.

Relaterte produkter
Copyright © Reisemål Ryfylke

Forsand

Lysefjorden

I sør startar Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv. 13 og Fv. 520) ved utløpet av Lysefjorden i Ryfylke. Her på Oanes får du ditt første møte med Fjord Norge. Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella, blei forma i istida av dei massive isbreane...

Copyright © HH

Hjelmeland

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR