Erfjord
Nord for Erfjord bru på rv. 13, Nasjonal Turistveg Ryfylke, tek du av til Erøy. Her kan du velgje to familievennlege turalternativ i fjordlandskapet. Parker ved Betel Bedehus på Erøy. Du kan også komme hit med båt, gjestebrygge ved Erøy. Erøy rundt er ein variert tur i lett terreng på om lag 2 timar. Turen går ved den lune Bogsfjorden og den villare Erfjorden, gjennom eit levande kulturlandskap. Det meste av turen går på skogsveg, men også noko på sti og veg. Høgaste punktet er 183 m.o.h. Herfra går du skogsvegen nedover der ein kryssar ein liten bekk. Vidare på sti gjennom skogen og inn på skogsvegen * som går ned til Bogsfjorden 500 m nord for Hattavågen. Følg skogsvegen langs sjøen attende til hovudvegen på Erøy.
Flott utsikt til Erfjord bru ved Tednes. Om sommaren er det eit yrande båtliv på fjorden. Ynskjer du eit kortare alternativ, eller har meg deg sykkel eller barnevogn kan du gå skogsvegen ved Bogsfjord til Hattarvågen, 1- 1,5 t tur/retur. Begge turane kan du gå heile året - hugs å lukk grindene! Inderst inne i Bogsfjorden ligg badeplassen Habn.