Annonser



Velg region :




Fotograf: Preikestolen og Lysefjorden

Toppattraksjonar i Ryfylke

I Ryfylke finn du fleire av dei største naturattraksjonane i Norge som Preikestolen, Kjerag og Lysefjorden. Nasjonal Turistveg Ryfylke er ein attraksjon i seg sjølv, og tek deg mellom mange opplevingar frå Sauda i nord til Forsand med Lysefjorden i sør. Lokal kulturarv og flott natur er rikeleg representert.

Fotograf: Svandalsfossen i Sauda

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv13 og Fv520 opnar i 2011 som Norges lengste turistveg, 183 km, og som ein av 18 Nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal.

 
Kvil på toppen

Opplevingar i Ryfylke

Utforsk attraksjonane (kart) i Ryfylke!

Ryfylke - fjordriket som ligg lunt til mellom Stavanger i sør og Haugesund i vest, kan du raskt nå langs Ryfylkevegen (Rv 13) frå Sandnes i sør eller via ferje frå Stavanger til Tau. Frå Haugesund fører E134 fram til målet. Frå Bergen går Fjordvegen gjennom Hardanger og møter Ryfylkevegen i Røldal. Frå Oslo går E134 over Haukeli, Røldal til Sauda eller Suldal. På sommarstid kan du også bruka den spanande vegen frå aust til Lysebotn over Suleskar. 

Ryfylkevegen, Rv. 13 og Fv. 520, der delar er Nasjonal Turistveg Ryfylke frå 2011, er hovudferdselsåra i regionen. Vegen går høgt og lågt og varierer frå havnivå og opp til 900 m.o.h. Ryfylkevegen er ein opplevingsveg som fører deg til mange attraksjonar. Med start sør i Sandnes kryssar ein fleire fjordar på vegen nordover: Høgsfjorden, Jøsenfjorden og Sandsfjorden. Ut mot havet ser du det forlokkande øyriket, eit nært tilgjengeleg sommarparadis. Korte avstikkarar frå Rv. 13 kan bringe deg til fjell som majesteten i Lysefjorden; Kjerag med den utrulege Kjeragbolten og den berømte Preikestolen.

Med si store utstrekning, er det enklare å forstå Ryfylke med ei inndeling;
- Nordre Ryfylke: Sauda og Suldal                        
- Midtre Ryfylke: Hjelmeland, Strand og Ryfylkeøyane
- Søre Ryfylke/Lysefjorden: Strand og Forsand


Kjeragbolten - Foto: Reisemål Ryfylke


ATTRAKSJONAR - Ryfylke

Turistvegar og utsiktspunkt

Turistvegar og utsiktspunkt

Spektakulære vegar, m.a. ein nasjonal turistveg inviterer til gode køyreopplevingar.


Bygningar og minnesmerke

Bygningar og minnesmerke

Flotte gamle møller, kvernhus, helleristningar og herskapshus fortel Ryfylke si historie.

Museer og galleri

Museer og galleri

Ryfylkemuseet og andre sine anlegg viser vikingar, bønder, fiskarar og industrien sine vilkår.


Byer og tettstader

Byer og tettstader

Gamle strandstader og moderne kommunesentra, handel og liv!

| Reisemål Ryfylke  | NO-4130 Hjelmeland | Tel +47 51 75 95 10 | Fax +47 51 75 07 83 | E-mail: info@ryfylke.com |   Logoer Logoer

Preikestolen