Annonser

Skriv utSkriv ut

Tau


Fasiliteter

Aktiviteter

Fiskemuligheter


Annen overnatting

Overnatting (Hotell, hytteutleige, camping)


Avstand

Badestrand


Generelle fasiliteter

Båthavn, Konferansemuligheter, Restaurant/Cafe


Klassifisering

Vandring


Kontakt
Adresse:
4120 Tau

Telefon51759510
Faks51750783
E-postinfo@ryfylke.com


Beskrivelse
Tettstaden Tau, 10 km frå Jørpeland, utgjer eit knutepunkt i Strand, med ferja til Stavanger, hurtigbåt til fleire plassar samt Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv 13) og andre vegar som fører vidare innover i Ryfylke. Sentrum, som ligg innanfor gangavstand til kaia, er under sterk utvikling og har hotell, restaurant og pub, bensinstasjon, butikkar, spisestader, bank og stor småbåthamn. Badestranda Strandastøa ligg rett sør for Tau.

Plassen har djupe historiske røter gjennom sannsynlege funn frå kongsgarden til Eirik Blodøks. Dei raudmala gamle kvernhusa ligg lett tilgjengeleg ved det litle vassfallet får Krossvatnet og fortel om mølledrift i Tou Mølle allereie frå 1855. Dette markerer starten på storindustrien i Strand. Dei meir moderne kvite kornsiloane er godt synlege frå Stavanger og fjorden. Mølleparken i engelsk landskapsstil ligg rundt den vakre direktørbustaden, og har kafé, loppemarked og kunstutstilling kvar sundag i sommersesongen.
Kultursti mellom større fornminne i området er verdt å rusla på. Gamle Strand kyrkje ligg vakkert til eit par km frå Tau sentrum i tilknytning til kulturstien.
Rett aust for Tau ligg Bjørheimsbygd med fleire tilbod for reisande, m.a. sommerhotell, hytter og leiligheter, servering, hestesenter og utsal av glaskunst.
Relaterte produkter
Copyright © Olav Breen

Strand

Helleristningane på Solbakk

Tett ved Nasjonal Turistveg Ryfylke på Solbakk i Strand i Ryfylke ligg det i sjøkanten eit område med helleristningar. Feltet, som blei oppdaga i 1923, er datert til ca 500 år f. Kr. Feltet er dominert av skipsfigurar. Både skip og ringfigurar (soler) er...

Copyright © Reisemål Ryfylke

Strand

Gamle Tou Mølle

Like ved den store mølla på Tau i Ryfylke, ligg gamle Tou Mølle (ca 1800) godt bevart i sitt naturlege miljø ved Taura-fossen. Tre av dei gamle møllehusa med vassrenner og kvernkallar er bevarte og viser kontrasten mellom gamalt og nytt. Like ved ligg...

Copyright © HH

Hjelmeland

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar...

Copyright © Lilland Hotell

Strand

Lilland Hotell

Lilland hotell på Tau i Ryfylke er eit hotell med sjarm og atmosfære. Som Ryfylke-turist og gjest hos oss bur du sentralt plassert i tilhøve til mange naturopplevingar i søre Ryfylke. Parkeringa som er utganspunktet for å vandre til velkjende...

Strand

Hamrane Hyttefelt

Velkommen til Hamrane Hyttefelt. Hamrane Hyttefelt ligger nydelig til i Bjørheimsbygd i Ryfylke. Her fins gode muligheter både til aktivitet og avslapping. Hyttene er plassert i naturskjønne omgivelser med utsikt over fjell og vann. Her kan du gå...

Copyright © Glasskjellaren

Strand

Glasskjellaren

Glasskjellaren er ein kombinert verkstad, utstilling og butikk lokalisert på ein vakker gard i Bjørheimsbygd i Ryfylke, nær Nasjonal Turistveg Ryfylke. Her produserer og sel Astri Vadla Ravnås eit stort utval av produkt av glas frå glaskåler og fat...

Strand

Wathne Feriesenter

Velkomen til Wathne Camping! Din ferieplass i Ryfylke - Midtpunktet i Rogaland. Rett ved vestre enden av Nedre Tysdalvatnet og Nasjonal Turistveg Ryfylke (Rv13) ligg Wathne Camping. Betty og Sam Speer har laga ein god familieplass kor både foreldre...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR