Sand er kommunesenter i Suldal kommune i Ryfylke, og har ca. 1100 innbyggarar. Den nasjonale turistvegen Ryfylke, Rv 13, går gjennom Sand.
Tettstaden ligg vakkert til heilt nede ved Sandsfjorden og har mykje av sin karakter som gamal Ryfylke-strandstad intakt med gamle kvite trehus i tette klyngjer. På Sand finn ein kulturhus, laksestudio, Sandsfossen, Ryfylkemuseet sitt hovudkontor og utstilling i Nesasjøhuset, ei lita sandstrand, hotell, hytteutleige og eit godt utval av butikkar, galleri og spistestader. Den namngjetne Suldalslågen renn ut i Sandsfjorden like ved hotellet, som ligg i den eine enden av hovudgata på Sand. Kyrkje med historisk interessant gravplass har gravminne minne knytta opp til dei engelsk lakselordane som kom til Suldal på 1800-talet.
Turistkontor, ferjesamband (Sand – Ropeid), hurtigbåtsamband, bussamband, småbåthamn.
Kvart år vert arrangert m.a. Ryfylkedagar (marknadsdagar for heile familien) i Sand sentrum og Møgedalsmarknad i Bergekrossen på Sand. Kvar anna sommar vert det historiske spelet Syng elvestraum oppførd.