Lysebotn er ein liten plass som ligg i enden av Lysefjorden i Forsand kommune, Ryfylke i Rogaland. Det er eit viktig turistmål med over 120 000 tilreisande i året, dei fleste tek turistferja på Lysefjorden hit.
På sommarstid (mai - august) går turistferje med guiding frå m.a. Lauvvik og Forsand i ytre del av Lysefjorden. Hurtigbåt går inn Lysefjorden heile året (ikkje laurdag). Lysevegen opp over til Hunnedalen er kun sommeropen, vanlegvis juni - september.
Tilbod om kombinert dagstur frå Forsand, Stavanger og fleire anløpsplassar med turistferje til Lysebotn, buss til Øygardsstøl og fottur til Kjerag sommarstid.
Lysevegen, fylkesvei 500, til Sirdal går gjennom 27 hårnålssvingar opp eine fjellsida og er 29 km lang. Vegen blei opna i 1984 og har sitt høgaste punkt på 932 moh. På toppen av svingane ligg Øygardstølen som har parkeringsplass, servicebygg for turfolk som skal til Kjerag og restaurant.
Lysebotn er startplass for mange basehopparar som hoppar frå Kjerag, eit opplæringssenter er her.
Lysebotn har i dag campingplass, hytter, Bed & breakfast fleire plassar og turisthytte med høg standard og servering. Guida kajakkturar og andre aktivitetstilbod om sommaren.
Kort tursti til Tangafossen på nordsida av Lysebotn.
Den lange fotturen Lysefjorden rundt kan startast frå Lysebotn, men kan t.d. takast som tur ut på merka løyper langs Lysefjorden anten på nord- eller sørsida på 3-4 dagar med overnatting i turisthytter langs stien.