Annonser

Skriv utSkriv ut

Kjerag


Transportbeskrivelse
Båt
Det går båt både for bil og passajerar frå Stavanger, Lauvvik, Forsand og Sognsand til Lysebotn. Kjøyr opp til Ørneredet. Norled og Rødne.
Buss
Tur t/r Stavanger og Sandnes. Tide Reiser.
Bil
Kjøyr om Sirdalen eller ta båten inn Lysefjorden.
Fasiliteter

Generelle fasiliteter

Parkeringsplass, wc


Natur og terreng

Fotturområde, Utsiktsplass


Sesong

Sommer (Juni - September)


TripAdvisor
Beskrivelse

Kjerag - majesteten i Ryfylke innst i Lysefjorden i Forsand kommune!

Med 1084 meter ragar Kjerag høgast av alle toppane i Lysefjorden og er den mest ekstreme i flokken. Fjellmassivet har lenge vore mest beundra frå fjorden, men dei seinare åra har det blitt stadig meir populært å ta turstien til sjølve platået. Dei fleste er nøgd med å nyte utsikten over Lysefjorden frå sjølve platået, men for nokre turgåarar er høgdepunktet å bli foreviga på Kjeragbolten, ei rund steinblokk kilt fast i ein fjellsprekk. Kjerag har også blitt eit populært mål for fjellklatrarar og basehopparar.

Kjerag er også imponerande sett frå fjorden, frå ferje eller sightseeingbåt. Kjeragbolten kan du og skimte 1000 m. over deg. Du kan få sjå basehopparar sommarstid.

TRANSPORT TIL PREIKESTOLEN, KJERAG OG I LYSEFJORDEN 


FOTTUR TIL KJERAG
Fotturen startar frå den avgiftsbelagde parkeringsplassen på Øygardstøl sør for Lysefjorden ved Lysevegen ovafor Lysebotn. Den krevjande løypa går opp og ned fleire ryggar, og har ein høgdeskilnad på 570 m. 

Turstien er ein del av Stavanger Turistforening sitt nyleg utbedra løypenett, kor ein no kan gå Lysefjorden rundt. Ein kan kome til Øygardstøl anten med ferje til Lysebotn og bil/taxi vidare til Øygardstøl eller ved å køyre via Sirdalen på vegen til Lysebotn (vinterstengt veg frå ca desember til rundt 20 mai, kontakt Statens vegvesen, tlf. 175). 

Høgdeforskjell: 570 meter
Turen tek 5 timar tur/retur, 10 km
Sesong: Juni - september

Hugs godt fottøy, varme klede og mat. Generell god fysikk er absolutt nødvendig.

Servicebygg som ligg der stien til Kjerag startar, og rommar toalett og turistinformasjon.


KJERAGBOLTEN
I Kjeragfjellet kan det ein bestemt stad oppunder toppen høyrast eit skotlignande smell samtidig som ein røyk står ut frå fjellveggen. Dette skjer omatt med visse mellomrom. Ein oppmålingsingeniør opplevde dette fenomenet i 1855. Han fortel: "Jeg hørte først enkelte skræld som efterhaanden blev hyppigere og stærkere, derpaa hørte jeg en overordentlig bragen og saae en lysstraale fare i horisontal retning ud fra klippen indtil omtrent midten av fjorden hvor den oppløste sig og forsvandt." Kva dette kjem av er, er usikkert, men bygdefolk har frå tidlegare tider meint at det er vatn som blir pressa ut frå fjellveggen.

Relaterte produkter
Copyright © Reisemål Ryfylke

Forsand

Lysefjorden

I sør startar Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv. 13 og Fv. 520) ved utløpet av Lysefjorden i Ryfylke. Her på Oanes får du ditt første møte med Fjord Norge. Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella, blei forma i istida av dei massive isbreane...

Copyright © Yunshim Choi

Forsand

Preikestolen

Preikestolen er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden. Frå gammalt av hadde platået namnet Hyvlatånnå (høveltanna). Det ca 25 x 25 meter flate fjellplatået blei truleg forma ved frostsprenging for...

Copyright © Torbjørn Heggheim

Forsand

Lysevegen

Den populære turistvegen Lysevegen går frå Lysebotn i Forsand i Ryfylke innerst i Lysefjorden til Sirdal. Vegen blei bygd som anleggsveg i samband med utbygginga av Tjodan Kraftverk og blei offisielt opna i 1984. Før den tid var båten det einaste faste...

På kanten

Stavanger

Lysefjord Sightseeing - Norled AS

Norled AS er i tillegg til eit rederi, ein lokal tur-/opplevingsarrangør. Norled har eit fast sightseeingprogram gjennom heile sesongen med spanande turalternativ i og rundt Lysefjorden: - Fottur til Preikestolen - buss og båt Ferje frå Stavanger...

Copyright © Reisemål Ryfylke / HS

Forsand

Landa Park - fortidslandsbyen

Landa Park – Fortidslandsbyen På Fossanmoen, Forsand i Ryfylke, ligg tuftene etter Landabusetjinga, eit eineståande funn i norsk historie og arkeologi. Det budde folk her samanhengande i 2000 år - frå omlag år 1500 f.kr. til år 600 e.kr. Basert på...

Copyright © Reisemål Ryfylke - HS

Forsand

Sjøhuset i Bergevik (Ryfylkemuseet)

Sjøhuset i Bergevik, Forsand i Ryfylke, blei bygd i 1850 av Ivar Halvarson Berge. Initialane hans IH er malt ved døra i 1. etasje. Han dreiv frå før trevarefabrikk i Kvernavika, litt lenger inne i Lysefjorden. Etter kvart kom det i gang salting av...

Copyright © Reisemål Ryfylke Hanne Sundbø

Forsand

Flørli Kraftstasjon og Flørlitrappa

I 1999 opna den nye kraftstasjonen på Flørli ved Lysebotn i Ryfylke, langt inne i fjellet. Den gamle kraftstasjonen og trappene ligg no opne for nye aktivitetar. Ei vandreløype vil ta deg rundt på området: 700 trinn (av 4444) av trappa, ny merka sti over...

Copyright © HH

Hjelmeland

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR