Annonser

Skriv utSkriv ut

Preikestolen


Transportbeskrivelse
Buss
Pulpit Rock Tours Buss frå Tau til Preikestolen i sommarsesong.
Bil
Frå Stavanger: Ta ferja frå Stavanger(Fiskepiren) til Tau. Kjøyr rv. 13 forbi Jørpeland til Preikestolen, ca 40. minutt.
Fasiliteter

Generelle fasiliteter

Parkering for buss og lastebil, Parkeringsplass, wc, Åpent deler av året


Natur og terreng

Fotturområde


Sesong

Sommer (April - Oktober)


TripAdvisor
Beskrivelse

Preikestolen er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden. Frå gammalt av hadde platået namnet Hyvlatånnå (høveltanna). Det ca 25 x 25 meter flate fjellplatået blei truleg forma ved frostsprenging for 10000 år sidan. Frå platået kan du nyte utsikten inn heile Lysefjorden. 

FOTTUREN 
Den største opplevinga får ein på toppen av platået. Preikestolen Fjellstue ligg nær Rv 13 sør av Jørpeland og nåes med bil eller om sommaren også med buss frå Tau. Herfrå går det sti til Preikestolen i småkupert terreng. Det er gode badevatn og rasteplassar langs stien. Husk godt fottøy, varme klede, mat og eventuelt stavar.

Høgdeforskjell: 350 meter
Turen tek ca 4 timar tur/retur, 6 km
Sesong: april - oktober


Det er avgiftsbelagt parkeringsplass, infokiosk og sanitærbygg ved p-plassen. NOK 100 per bil pr dag. 

TRANSPORT TIL PREIKESTOLEN, KJERAG OG I LYSEFJORDEN 


SPREKKEN I PREIKESTOLEN
Preikestolplatået kan synast å vera skore ut med kniv. Det vinkelrette sprekkmønsteret er svært tydeleg når man ser platået ovanfrå. Man kan fornemma at store blokker ved sida av Preikestolen har rast ned i Lysefjorden. Langs heile fjorden finn me såkalla trykkavlastningssprekkar, og eit godt døme på dette er sprekken i Preikestolen. Då Lysefjordbreen smelta for drøyt 10.000 år sidan, forsvann trykket frå isen, og fjellet sprakk opp. Det er enkelt å tenkja seg kva som skjer når sprekkane vert djupe nok.


AKTIVITETAR I PREIKESTOLOMRÅDET
Er du av dei som trur at det berre er ein ting å gjera i Preikestolområdet, nemleg å gå til Preikestolen? Her kan du gjera spanande ting dag etter dag. Preikstolen fjellstue og Base camp byr på aktivitetar litt utanom det vanlege. Bu i fjelltoppane, fjellveggen eller like over vannflate. Padle i kajakk eller Stand-Up Paddle. 

Bace camp
Kajakkutleige
- Nasjonal Turistveg Ryfylke
- Landa Park - Fortidslandsbyen
- Fossanmoen Islandshestsenter
- Handel på Jørpeland
- Spa- hotell Velvære 


OVERNATTING I OMRÅDET 
Preikestolen fjellstue
Sted: Ved utgangspunktet for fotturen til Preikestolen.
Avstand frå turstien til Preikestolen: 100 m


Preikestolen Camping 
Sted: Preikestolvegen/Jøssang
Avstand frå turstien til Preikestolen: 4 km

Lysefjorden Marina
Sted: Forsand v/ Lysefjorden
Avstand frå turstien til Preikestolen: 17 km

Fossanmoen Islandshestsenter
Sted: Forsand
Avstand frå turstien til Preikestolen: 19 km


Verkshotellet
Sted: Jørpeland
Avstand frå turstien til Preikestolen: 9 km

Lilland hotell
Sted: Tau
Avstand frå turstien til Preikestolen: 20 km

OPPLEV PREIKESTOLEN FRÅ SJØEN
Preikestolen kan også opplevast frå sjøen, anten på sightseeing-båt eller turistferje frå Stavanger, Lauvvik, Forsand eller frå fleire anløpsstader i Lysefjorden. Sjå prisar og rutetider på www.norled.no og www.rodne.no

Preikestolen er også oppført som naturattraksjon i Ryfylke Multiguide - ein gratis app for smarttelefonar.

Relaterte produkter
Copyright © Reisemål Ryfylke

Forsand

Lysefjorden

I sør startar Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv. 13 og Fv. 520) ved utløpet av Lysefjorden i Ryfylke. Her på Oanes får du ditt første møte med Fjord Norge. Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella, blei forma i istida av dei massive isbreane...

Copyright © Kjell Helle Olsen

Strand

Preikestolen fjellstue

Preikestolen fjellstue – det perfekte springbrettet for turen til Preikestolen, ein time frå Stavanger og Sandnes. Preikestolen fjellstue ligg i Strand kommune i Ryfylke, Rogaland. Husa ligg like ved Refsvatnet, eit naturskjønt og barnevennleg område....

Copyright © Torbjørn Heggheim

Forsand

Lysebotn i Lysefjorden

Lysebotn er ein liten plass som ligg i enden av Lysefjorden i Forsand kommune, Ryfylke i Rogaland. Det er eit viktig turistmål med over 120 000 tilreisande i året, dei fleste tek turistferja på Lysefjorden hit. På sommarstid (mai - august) går...

Copyright © Reisemål Ryfylke - HS

Forsand

Sjøhuset i Bergevik (Ryfylkemuseet)

Sjøhuset i Bergevik, Forsand i Ryfylke, blei bygd i 1850 av Ivar Halvarson Berge. Initialane hans IH er malt ved døra i 1. etasje. Han dreiv frå før trevarefabrikk i Kvernavika, litt lenger inne i Lysefjorden. Etter kvart kom det i gang salting av...

Copyright © Reisemål Ryfylke / HS

Forsand

Landa Park - fortidslandsbyen

Landa Park – Fortidslandsbyen På Fossanmoen, Forsand i Ryfylke, ligg tuftene etter Landabusetjinga, eit eineståande funn i norsk historie og arkeologi. Det budde folk her samanhengande i 2000 år - frå omlag år 1500 f.kr. til år 600 e.kr. Basert på...

Copyright © HH

Hjelmeland

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR