I sør startar Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv. 13 og Fv. 520) ved utløpet av Lysefjorden i Ryfylke. Her på Oanes får du ditt første møte med Fjord Norge.
Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella, blei forma i istida av dei massive isbreane som dekte landet. Lysefjorden skil seg frå andre fjordar i Rogaland med all sin villskap. Fjella ragar høge langs store delar av Lysefjorden. Dei når på det høgaste 1 000 meter over havet. Men det er og brådjupt til botnar. Mange detaljar med berggrunn, landskapsformer og lausmassar gjer Lysefjorden til eit særprega og eineståande naturdokument. For dei spreke er det nydeleg utsikt over fjorden frå turmål som Preikestolen, Kjerag, Bratteli og Flørli.
Nyt Lysefjorden 360 grader panorama med bilder frå fugleperspektiv langs Nasjonal Turistvei Ryfylke.
Utsikten kan også nytast frå toppen av Lysevegen ovafor Lysebotn eller frå brua i fjordmunningen.
Ein båttur på fjorden er ei minnerik oppleving der du kan sjå mektige fjell, fossefall, koloniar av steinkobbar, geiter og avsides gardar. Det går fleire sightseeing-båtar frå Stavanger, Forsand og Lysefjordssenteret på Oanes. Turistferje m/ guiding på fjorden med avgang frå m.a. Stavanger, Lauvvik, Forsand, Songesand og Lysebotn m.fl. i sesongen. Tar du ferja har du moglegheit til ein fantastisk "fjord og fjell-rundtur" som kombinerer ferje til Lysebotn og bil tilbake via Lysebotn eller Songesand (vinterstengde vegar).
I perioden 26.05.12 - 22.06.12 går turistferja dagleg t/r Stavanger - Forsand - Lysebotn. Perioden 23.06.12 - 02.09.12 går turistferja dagleg t/r Lauvvik - Forsand - Lysebotn. Busskorrespondanse frå Stavanger og Sandnes til Lauvvik. Sjå www.lysefjordsightseeing.no for meir informasjon.
Ein såkalla kombibåt med plass for passasjerar og eit fåtal bilar går heile året, alle dagar untatt laurdag, for å dekka lokale transportbehov. Sjå www.norled.no.
Dette tilbodet er oppført som attraksjon i Ryfylke Multiguide, ein gratis app for smarttelefonar.