Sandsfossen på Sand i Ryfylke er siste del av Suldalslågen som er ei av dei lengste elvane i Rogaland. Fossen er ikkje høg, men svært brei og har ein imponerande fossedur. Fallet er på 4 meter. Fossen ligg eit par minutts gange frå Sand Sentrum, like ved Suldals største turistattraksjon: Laksestudioet i kanten av fossen. Parkeringsplass og rasteplass like ved. Historiske laksetrappar og andre innreiingar for laksefiske ligg rundt fossen. Vassføring: Regulert i sommarsesongen (vanlegvis ml. 55 og 72 m3 pr. s.). Laksestudioet er ope i sommarsesongen, fossen kan opplevast heile året.
Like ved Sandsfossen og Laksestudio ligg Høse bru - ei gangbru over Suldalslågen teikna av Rintala Eggertsson Arkitekter AS. Brua krysser Suldalslågen ved Høse, rett ovenom Sandsfossen. Brua blei bygd i 2012 og har særs fin belysning. Ta ein tur over og opplev Sandsfossen frå den andre breidda.