Høllandsfossen i Sauda i Ryfylke ligg sentralt i kommunesenteret. Fossen har eit fall på 25 meter og ligg på vegen frå Sauda sentrum til Åbødalen, rett etter Sauda Ungdomsskule. Du ser fossen på høgre side av vegen. Fossen er imponerande både å sjå og høyra og har eit fritt fall på 15 meter og kan opplevast frå veien eller frå den flotte gamle steinbrua, som vart bygd av Etnebuen Lars Henrik Quambe i 1860.