Sinkgruvene i Allmannajuvet i Sauda i Ryfylke var i drift frå 1881 til og med 1899. Gruvedrifta skapte liv i bygda med opp til 168 ansatte og utskiping av malm på båtar til utlandet. Drifta blei ein forløpar til seinare kraftutbygging og industrietablering i Sauda i Ryfylke.
Sinkgruvene og gruvevegen er vald ut som eit interessant område i samband med utviklinga av Ryfylkevegen til Nasjonal turistveg Ryfylke. Arbeidet er starta opp, og er planlagt ferdig i 2014. Bygging av eit av fire planlagte bygg av den kjente sveitsiske arkitekten Peter Zumthor er starta opp. Her skal utviklast interessante opplevingar og gruvekafé fram til 2015.
Grunna pågående byggearbeid kan adkomst til gruveveg og gruver vera stengt i perioder. Guida turar i gruvane blir organiserte for grupper på bestilling: Sauda Ferie og Fritid.