Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv.13 og Fv.520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Å reise denne strekninga er ein ideel måte å oppleva dei sørligaste fjordane på.

Høse bru - Kjetil Brekke, SuldalFoto
Opplev Nasjonal turistveg Ryfylke på tur med Ryfylke Multiguide app. Multiguiden kan ein lasta ned gratis som ei eiga reiserute på smarttelefon. Med multiguiden på plass, vil alle i bilen få sin eigen turleiar gjennom Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda. Norsk og engelsk versjon.
Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar gjennom det vakraste av norsk natur, utsiktspunkt og tilrettelagte rasteplassar med spennande arkitektur. Nasjonal turistveg Ryfylke inviterer deg til eit møte med Fjord-Norge i form av eit variert, vakkert og frodig landskap, der grøne skjergardsidyllar og velpleia kulturlandskap blir avløyst av steinurer, blankskurte stup, fjord og fjell.
Dei mest kjende attraksjonane i Ryfylke er Lysefjorden, Preikestolen og Kjerag, men når ein køyrer langs vegen finn ein også rasteplassar i vakker natur og minnesmerke frå gamal tid. Nyt Lysefjorden og turistvegen på 360 grader panorama bilde frå lufta.
Frå sør startar vegen frå Oanes med storslått skue inn Lysefjorden. Ta ein avstikkar til Preikestolen (2 timars gåtur). Ta ein stopp i Ryfylkebyen Jørpeland, her er overnatting, servering og ein liten skulpturpark. Litt lenger nord finn du helleristningar på Solbakk og gamle Årdal kyrkje. På Hjelmeland står verdas største Jærstol, her er og utstillingar sommarstid, servering og overnatting. Du kan og sjå ville Skomakarnibbå i profil over sørsida av Jøsenfjorden. Strandstaden Jelsa med flotte gamle hus og ei særprega kyrkje er også verdt ein avstikkar. Stopp på rasteplassen over Lovrafjorden. På Sand kan du besøke Ryfylkemuseet eller studere laksen på nært hald i Laksestudioet og sjå mektige Sandsfossen. Prøv den spesielle Høse bru, ei gangbru teikna av det kjente arkitektfirmaet Rintala Eggertsson Arkitekter AS. På Sand kan du overnatte, kosa deg på kafé og nyte fjordutsikten. Frå Sand må du ta ferje til Ropeid som har fått eit venterom med dristig design.
På nordsida av Sandsfjorden dukkar Svandalsfossen opp rett før Saudasjøen. Her er det etablert ei trappevandring med moderne arkitektur, der ein kan kome tett innpå fossen og kjenne kreftene. I Sauda kan du spandere ei omvisning i Åbøbyen eller oppleve farne tider i sinkgruvene i Allmannajuvet. Eit koseleg sentrum innbyr til handel og overnatting. Nær Allmannajuvet i Sauda ved Fv.520 vil det fram til 2015 bli bygd fire planlagde, særprega bygningar teikna av den berømte sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. I tillegg kjem det i 2013 og framover betre skilting av Nasjonal Turistveg Ryfylke og fleire spennande rasteplassar.
Frå Allmannajuvet kan ein fortsette vidare i slynger over Saudafjellet til Røldal. Fjellovergangen har eit skiftande og dramatisk landskap opp mot 900 m.o.h. Vegen er frå 1960 og er bygd av anleggsarbeidarar med amerikansk kapital. Noko smal veg. Hels på geitene! Sjå Røldal stavkyrkje!
Fjellovergangen (Fv.520) i nord er vinterstengd mellom Hellandsbygd (frå påske: Breiborg) og Røldal. På vinteren kan det koma snø opp til 5-6 meter. Vinterstid må du difor nytte Rv.13 Suldalslågen og Suldalsvatnet.for strekninga Sand – Røldal. Stopp på Nesflaten å sjå spennande kraftarkitektur! Her er og overnatting.
Nasjonal Turistveg Ryfylke er ein del av Fjordvegen som strekker seg frå Sandnes i sør via Hardanger og Vikafjellet, til Førde i nord. Fleire Nasjonale turistvegar (Hardanger og Gaularfjell) er delar av Fjordvegen.
Tilkomst: Du kjem til Nasjonal turistveg Ryfylke frå sør med ferje Lauvvik – Oanes, Stavanger – Tau eller via Røldal i nord. Eit godt tips om du kjem austfrå er å ta Lysevegen frå Suleskar og bestille tur på turistferja frå Lysebotn ut vakre Lysefjorden til Oanes for å starta turistvegen her.
Sjå meir om dei spennande prosjekta langs vegen på www.turistveg.no.
På National Geographic ligg Fjord Norge som ein av dei 20 beste stadene å reise i verda i 2011.