Annonser

Toppattraksjonar i Ryfylke

I Ryfylke finn du fleire av dei største naturattraksjonane i Norge som Preikestolen, Kjerag og Lysefjorden. Nasjonal Turistveg Ryfylke er ein attraksjon i seg sjølv, og tek deg mellom mange opplevingar frå Sauda i nord til Forsand med Lysefjorden i sør. Lokal kulturarv og flott natur er rikeleg representert.

Preikestolen og Lysefjorden
Preikestolen og Lysefjorden
Foto: Hanne Sundbø
Sist oppdatert   07.08.2015  
RELATERTE PRODUKTER

Copyright © Yunshim Choi

Forsand

Preikestolen - fottur

Preikestolen, ofte feilaktig kalla Prekestolen, er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden.

Copyright © RMR / HH

Forsand

Kjerag - fottur

Kjerag - majesteten i Ryfylke innst i Lysefjorden i Forsand kommune!


Copyright © Reisemål Ryfylke

Forsand

Lysefjorden

I sør startar Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv. 13 og Fv. 520) ved utløpet av Lysefjorden i Ryfylke. Her på Oanes får du ditt første møte med Fjord Norge. Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella, blei forma i istida av dei massive isbreane...

Copyright © HH

Hjelmeland

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar...


Copyright © Hessel Haker

Forsand

Flørlitrappane og Rallarstien - fottur

Ta turen til Flørli og gå 4.444 trappetrinn til topps! Flørlitrappane og er ein av dei lengste tretrappane i verda. Trappa følgjer rørgata til Ternevassdammen. Nydeleg utsikt ut Lysefjorden og mot Preikestol massivet. Dersom du ønsker å få med deg alle...

Copyright © H.Sundbø - Svandalsfossen

Sauda

Svandalsfossen

Svandalsfossen ligg rett før Saudasjøen i Ryfylke, kloss inn til Nasjonal turistveg Ryfylke (Fv. 520 og Rv. 13). Svandalsfossen har eit fall på tilsaman 180 meter. Ved Fv. 520 kan ein parkere og gå under brua for å verkeleg få oppleve fossen på nært...


Copyright © Torbjørn Heggheim

Forsand

Lysebotn i Lysefjorden

Lysebotn er ein liten plass som ligg i enden av Lysefjorden i Forsand kommune, Ryfylke i Rogaland. Det er eit viktig turistmål med over 120 000 tilreisande i året, dei fleste tek turistferja på Lysefjorden hit. På sommarstid (mai - august) går...

Copyright © Landa Park

Forsand

Landa Park - Fortidslandsby

Besøk oss i Fortidslandsbyen Landa Velkommen til et besøk i Landa Park på Forsand i Ryfylke og bli med på en spennende reise tilbake i tid. Ta gjerne med hele familien og opplev historien på nært hold. De arkeologiske funnene på Landa er unike og kan...


Copyright © Jon Erling Skåtan/Jan Thomassen

Valle

Setesdal og Ryfylkeheiane Landskapsvernområde

SVR Landskapsvernområde -Norges nest-største verneområde -Reinsdyrens rike med høgfjells vegetasjon og dyreliv -Til dels ekte villmark der få ferdast -Fantastiske turmulegheiter langs DNT sitt rutenett og hytter -Staka vinterløyper for...

Copyright © Torbjørn Heggheim

Forsand

Lysevegen

Den populære turistvegen Lysevegen går frå Lysebotn i Forsand i Ryfylke innerst i Lysefjorden til Sirdal. Vegen blei bygd som anleggsveg i samband med utbygginga av Tjodan Kraftverk og blei offisielt opna i 1984. Før den tid var båten det einaste faste...


Copyright © Arne Jensen

Sauda

Sinkgruvene i Allmannajuvet

Sinkgruvene i Allmannajuvet i Sauda i Ryfylke var i drift frå 1881 til og med 1899. Gruvedrifta skapte liv i bygda med opp til 168 ansatte og utskiping av malm på båtar til utlandet. Drifta blei ein forløpar til seinare kraftutbygging og...

Copyright © Hanne Sundbø

Hjelmeland

Skomakarnibbå - fottur

Den tredje store klippa i Ryfylke etter Kjerag og Preikestolen. Du får skikkeleg magesug på Skomakarnibbå med sitt overheng og Jøsenfjorden 700m lenger nede. I tillegg har du storslått utsikt over Ryfylkebassenget. Ein turklassiker med mange tusen besøkende i året.



Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR