Fv. 520 er fjellovergang mellom Sauda i Ryfylke og Røldal i Hardanger og er nordre del av Ryfylkevegen som er Nasjonal turistveg Ryfylke. Ein spennande veg gjennom eit dramatisk og skiftande landskap. Her køyrer du frå fjorden opp til høgfjellet med sin storslåtte natur ca 900 m.o.h!
Røldalsvegen mellom Hellandsbygd og Røldal er vinterstengt. Veg frå Sauda til Breiborg er oftest open til påske.
Sjå film frå Røldalsvegen.
Røldalsvegen er oppført som ei kulturoppleving i Ryfylke Multiguide - ein gratis app for smarttelefonar.