Annonser

Skriv utSkriv ut

Nasjonal turistveg Ryfylke


Beskrivelse

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal.

Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar gjennom det vakraste av norsk natur, utsiktspunkt og tilrettelagte rasteplassar med spennande arkitektur. Nasjonal turistveg Ryfylke inviterer deg til eit møte med Fjord-Norge i form av eit variert, vakkert og frodig landskap, der grøne skjergardsidyllar og velpleia kulturlandskap blir avløyst av steinurer, blankskurte stup, fjord og fjell.

Dei mest kjende attraksjonane i Ryfylke er Lysefjorden, Preikestolen og Kjerag, men når ein køyrer langs vegen finn ein også rasteplassar i vakker natur og minnesmerke frå gamal tid.

Nyt Lysefjorden og heile turistvegen på 360 grader panorama bilde frå lufta, opp til Røldal.

Våren 2012 lanserte Reisemål Ryfylke mobileappen Ryfylke Multiguide for reiseruta langs Nasjonal Turistveg Ryfylke. Multiguiden kan ein lasta ned gratis som ei eiga reiserute på smarttelefon. Med multiguiden på plass, vil alle i bilen få sin eigen turleiar for kulturopplevingar gjennom Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda. Frå sør startar vegen frå Oanes med storslått skue inn Lysefjorden. Norsk og engelsk versjon.

Ta ein avstikkar til Preikestolen (2 timars gåtur ein veg). Prøv ein stopp i Ryfylkebyen Jørpeland, her er overnatting, servering og ein liten skulpturpark. Litt lenger nord finn du helleristningar på Solbakk og gamle Årdal kyrkje. På Hjelmeland står verdas største Jærstol, her er og utstillingar sommarstid, servering og overnatting. Du kan og sjå ville Skomakarnibbå i profil over sørsida av Jøsenfjorden. Strandstaden Jelsa med flotte gamle hus og ei særprega kyrkje er også verdt ein avstikkar. Stopp på rasteplassen over Lovrafjorden og sjå den litle øya i fjorden. 
På Sand kan du besøke Ryfylkemuseet eller studere laksen på nært hald i Laksestudioet og sjå mektige Sandsfossen. Prøv den spesielle Høse bru, ei gangbru teikna av det kjente arkitektfirmaet Rintala Eggertsson Arkitekter AS. På Sand kan du overnatte, kosa deg på kafé og nyte fjordutsikten. Frå Sand må du ta ferje til Ropeid som har fått eit venterom med dristig design.

På nordsida av Sandsfjorden dukkar Svandalsfossen opp rett før Saudasjøen. Her er det etablert ei trappevandring med moderne arkitektur, der ein kan kome tett innpå fossen og kjenne kreftene. I Sauda kan du spandere ei omvisning i Åbøbyen og eit koseleg sentrum som innbyr til handel og overnatting.

Nær Allmannajuvet i Sauda ved Fv. 520 vil det fram til 2015 bli bygd fire særprega bygningar teikna av den berømte sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. I tillegg kjem det betre skilting av Nasjonal Turistveg Ryfylke og fleire spennande rasteplassar dei næraste åra.

Frå Allmannajuvet kan ein fortsette vidare i slynger over Saudafjellet til Røldal. Fjellovergangen har eit skiftande og dramatisk landskap opp mot 900 m.o.h. Den smale vegen er frå 1960 og er bygd av lokale anleggsarbeidarar med amerikansk kapital. Hels på geitene og sjå Røldal stavkyrkje!

Fjellovergangen (Fv. 520) i nord er vinterstengd mellom Hellandsbygd (frå påske: Breiborg) og Røldal. På vinteren kan det koma snø opp til 5-6 meter. Vinterstid må du difor nytte Rv. 13 langs Suldalslågen, Suldalsvatnet og Brattlandsdalen for strekninga Sand – Røldal. Stopp på Nesflaten og sjå spennande kraftarkitektur! Her er og overnatting.

Vegen er ein del av Fjordvegen som strekker seg frå Sandnes i sør via Hardanger og Vikafjellet til Førde i nord. Fleire Nasjonale turistvegar (Hardanger og Gaularfjell) er delar av Fjordvegen.

Tilkomst: Du kjem til Nasjonal turistveg Ryfylke frå sør med ferje Lauvvik – Oanes, Stavanger – Tau eller via Røldal i nord. Eit godt tips om du kjem austfrå er å ta Lysevegen frå Suleskar og bestille tur på turistferja frå Lysebotn ut vakre Lysefjorden til Oanes for å starta turen på turistvegen her.

Sjå meir om dei spennande prosjekta langs vegen på www.turistveg.no.

Relaterte produkter
Copyright © Reisemål Ryfylke

Forsand

Lysefjorden

I sør startar Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv. 13 og Fv. 520) ved utløpet av Lysefjorden i Ryfylke. Her på Oanes får du ditt første møte med Fjord Norge. Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella, blei forma i istida av dei massive isbreane...

Copyright © Hanne Sundbø

Suldal

Laksestudio

Lakseelva Suldalslågen i Suldal, Ryfylke er 22 km lang og renn nedover dalføre frå Suldalsvatnet og munner ut i Sandsfjorden ved Sand Sentrum. Ved laksetrappa i Sandsfossen på Sand finn ein det første laksestudioet som vart bygd i Norge. Den nedste...

Copyright © Reisemål Ryfylke/ HS

Hjelmeland

Jøsenfjorden

Jøsenfjorden er ein sidefjord av Boknafjorden i Hjelmeland kommune, midt i Ryfylke i Rogaland. Fjorden strekk seg rundt 27 km frå Hjelmeland/Nesvik inn til Førrebotn. Fjella ruver på begge sider av fjorden, og stig rett opp til høgder på over 700 meter...

Copyright © Frank A. Honsmark

Suldal

Erfjord

Erfjord er ein tettstad i Suldal kommune i Ryfylke, kor det bur mellom 500 og 600 menneske. Den nasjonale turistvegen Ryfylke, Rv. 13, går rett forbi Erfjord. Erfjord består blant anna av Erøy, Bog, Bogsund, Hålandsosen og Håland. Det er to butikkar i...

Copyright © Reisemål Ryfylke HS

Suldal

Sand

Sand er kommunesenter i Suldal kommune i Ryfylke, og har ca. 1100 innbyggarar. Den nasjonale turistvegen Ryfylke, Rv 13, går gjennom Sand. Tettstaden ligg vakkert til heilt nede ved Sandsfjorden og har mykje av sin karakter som gamal...

Copyright © Hessel Haker

Suldal

Sandsfossen og Høsebrua

Sandsfossen på Sand i Ryfylke er siste del av Suldalslågen som er ei av dei lengste elvane i Rogaland. Fossen er ikkje høg, men svært brei og har ein imponerande fossedur. Fallet er på 4 meter. Fossen ligg eit par minutts gange frå Sand Sentrum, like ved...

Copyright © H.Sundbø - Svandalsfossen

Sauda

Svandalsfossen

Svandalsfossen ligg rett før Saudasjøen i Ryfylke, kloss inn til Nasjonal turistveg Ryfylke (Fv. 520 og Rv. 13). Svandalsfossen har eit fall på tilsaman 180 meter. Ved Fv. 520 kan ein parkere og gå under brua for å verkeleg få oppleve fossen på nært...

Copyright © Sauda Ferie og Fritid

Sauda

Sinkgruvene i Allmannajuvet

Sinkgruvene i Allmannajuvet i Sauda i Ryfylke var i drift frå 1881 til og med 1899. Gruvedrifta skapte liv i bygda med opp til 168 ansatte og utskiping av malm på båtar til utlandet. Drifta blei ein forløpar til seinare kraftutbygging og...

Copyright © Yunshim Choi

Forsand

Preikestolen

Preikestolen er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden. Frå gammalt av hadde platået namnet Hyvlatånnå (høveltanna). Det ca 25 x 25 meter flate fjellplatået blei truleg forma ved frostsprenging for...

Copyright © Rosehagen. - Foto: Anne Berit Amdal- Strandbuen

Strand

Jørpeland - byen ved Preikestolen

Jørpeland er administrasjonssentrum for Strand kommune i Ryfylke, og handels- og servicesentrum for distriktet Søre Ryfylke, Byen med eit rikhalding tilbod er populært kalla Ryfylkebyen Jørpeland. Byen ble historisk sett bygd opp i starten av forrige...

Copyright © Strand kommune

Strand

Tau

Tettstaden Tau, 10 km frå Jørpeland, utgjer eit knutepunkt i Strand, med ferja til Stavanger, hurtigbåt til fleire plassar samt Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv 13) og andre vegar som fører vidare innover i Ryfylke. Sentrum, som ligg innanfor gangavstand...

Copyright © Asgeir Austigard

Hjelmeland

Skomakarnibbå

Skomakarnibbå (700 moh) er eit særmerkt fjellparti sør for Jøsenfjorden i Hjelmeland, Ryfylke, som kan sjåast i profil frå Nasjonal Turistveg Ryfylke (Rv 13) mellom Vadla og Vindsvik. Eit gamalt segn har gitt namn til fjellpartiet. Skomakarnibbå er...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR