Tidleg vår gir lang sesong, og fem fjordar og mange øyer gir variasjon. Eit betre utgangspunkt for båtliv skal ein leite lenge etter! Reisemål Ryfylke satsar vidare på båtfolket i eit eige prosjekt og ønskjer å betre tilbodet for dykk!
Vakre natur- og kulturlandskap kan opplevast og nytast på land eller frå dekk. Sauebrek og sjøfuglsskrik er kontrast til bylarmen. Sjølve båtturen kan gje gode opplevingar i farvatn med lite trafikk. Sjølvfiska torsk eller makrell kan smake på grillen eller i gryta.
Du finn allereie mange tilrettelagte uthamner i Ryfylke med familievennlege strender og fine svaberg å fiska krabbe frå. Gjestehamner finst blant anna i kommunesentra Sand, Sauda, Forsand, Jørpeland og Hjelmeland. Prøv då kjekke tilbod som ferske brød og servering av tradisjonsmat på brygga. Sjønære spiseplassar som byr på meny utifrå lokale råvarer eller tradisjonar gir mett mage og gode opplevingar. Trivelege lokale arrangement kan du få med deg, ein fiskekonkurranse kan setja ein spiss på ferien!

Her kan du laste ned Båtguide Rogaland 2009-10 (Kartet er på 2 MB). Der finn du blant anna oversikt over friluftsområde, bunkringsplassar, butikkar, ulike tenestetilbod og arrangement i Rogaland og Ryfylke.
Vil du oppleve meir enn vanleg skjærgardsidyll, kan vi anbefale å besøke nokre av fjordane våre. Du finn meir informasjon om opplevingar i nokre av desse her:
Lysefjorden i Forsand
Jøsenfjorden i Hjelmeland
Hylsfjorden i Suldal
Ryfylke friluftsråd tilrettelegg sjønære friluftsområde. Kommunevis oversikt og informasjon finn du øverst på friluftsrådet sine sider!
Det er ikkje mange stader ein kan ta båten til fjells vinterstid, men i Ryfylke kan du det! Både alpint- og langrennsskia bør med, snøkanonane i Sauda gir sikre tilhøve i vinterhalvåret.