Annonser

For medlemer

Reisemål Ryfylke:
Me skal styrke reiselivsatsinga i regionen samt private interesser saman med kommunane i regionen. Reisemål Ryfylke samarbeider nært med FjordNorge NCE Tourism, Innovasjon Norge og lokale reiselivsansvarlege i kommunar og fylke samt nabodestinasjonar. Selskapet skal arbeide aktivt for lokale reiselivsaktørar med å koordinere marknadsføring og bidra til konkret og overordna produktutvikling. Som medlem kan du påverka! Tilsette i Reisemål Ryfylke

Vår visjon:
Å vera beste partnar for profilering og marknadsføring av reiselivet i Ryfylke.
Reiselivet i Ryfylke skal styrkast og vera heilårs og robust.

Forretningsidé:
- Vera spydspiss i marknadsføring av Ryfylke, både ferie/fritid og kurs/konferanse
- Arbeida for å styrke medlemmene si lønsemd og konkurranse- evne ved salsretta aktivitetar, informasjon og marknadsføring

Om medlemskap i Reisemål Ryfylke:
Ordinært medlemskap er delt opp i satser 2-6, alt etter kor stor bedrift / organisasjon du har. Sats 2 er til små bedrifter og foreningar, sats 3 og 4 for mellom store bedrifter og sats 5-6 for hotell og større slutningar. Som aktivt medlem får du m.a.:
-Gratis oppføring på web i tre nivå på www.ryfylke.com, www.visitnorway.com og www.fjordnorway.com og utheva språk!
-Gratis halvside i årleg Ryfylke Produktmanual som sendes direkte til reiseoperatørar, bli brukt på workshops og messer og ligg ute på Fjord Norge sine velbesøkte websider
-Tilbod om annonsering i Ryfylkeguiden (3 språk, opplag 130.000stk) med stor rabatt. Guiden blir distribuert heile året
-Marknadsføring av din bedrift og dine produkt i mange andre samanheng, m.a. i redaksjonelle artiklar på visitnorway
-Gratis bruk av stor bildebase
-Støtte og rådgjeving i marknadsføring. Informasjon via Ryfylkedrøs og per epost
-Eiget bedriftsnettverksprosjekt knytta til Nasjonal Turistveg Ryfylke
-Besøk av presse og visningsturar med turoperatørar kan skje

Du kan og be om eit utvida pakkemedlemskap der du i tillegg får:
-Oppføringar under fleire kategoriar på Ryfylke.com
-Gratis bannerannonse i sideliste på Ryfylke.com
-Seljarstand på årleg Ryfylke Workshop, mot nærmarknaden
-Stor presentasjon i øvrig marknadsføring

Andre tenestar og aktivitetar:
-Lage møteplanar for fagleg nettverksdanning og kollegialt samvere
-Tilbod om annonsering i FjordNorge Reiseguide (opplag 350.000stk i 9 språk)
-Tilbod om annonsering i FjordNorge Produkt Manual (opplag 8000stk), anna kvart år
-Tilbod om medlemskap i Guestmaker online booking system (døme omsetning 2011: 160.000kr på 5 bedrifter)
-Tilbod om oppføring i fantastiske 360 Skycam panoramabilde (infopunkt på interaktivt kart henta frå din oppføring i Tellus)
-Interaktiv tavle på Fiskepiren i Stavanger – delt tavle med Norled (sirka 50.000 sidevisninger av Ryfylke-sider årleg)
-Interaktiv tavle ved Håhellervatnet langs Suleskarvegen – delt tavle med destinasjonar rundt SVR (sirka 20.000 sidevisninger totalt årleg)
-Ryfylke Multiguide, ein gratis App for smarttelefonar for ein guida oppleving av turistvegen, ein pilot i Norge. Auka satsing i 2013
-Utvikle tilbod og program for presseturar og besøk av turoperatørar
-Deltaging på kurs og workshops på vegne av bedriftane, m.a. NTW årleg

Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR