Annonser






			Skriv ut
		Skriv ut

Norda Hidle - Konferanse


Kart

Fasiliteter

MICE Konferansefasiliteter  

DVD , Flippover , Overhead , Storskjerm , Trådløst internett , Video 


Kontakt
Adresse:
Telefon+47 51 71 03 92
Telefon99156102 - 95285121
E-postpost@nordahidle.no
Webwww.nordahidle.no


Beskrivelse

Ein eksotisk konferansestad på øya Nord-Hidle i Sjernarøyane i Ryfylke.

Norda Hidle er ein gjestegard på øya Nord-Hidle, veleigna for grupper som ønskjer å vera dei einaste gjestene og få full merksemd.

1) 1 time med hurtigbåt frå Stavanger eller 1t 40min med bil gjennom Finnfast frå Stavanger
2) Frå Nord: ferje frå Jelsa eller Nedstrand
3) Hurtigbåt til Tau-Hjelmeland-Ombo
4) Enklast og raskast er å leiga båt. Er det fleire i lag, 6 eller fleire, får ein 60% rabatt på hurtigbåt!

Kapasitet dagkonferanse:
Det gamle skulehuset har ein kapasitet på inntil 30 personar. Det ligg 150m frå tunet og har blitt oppgradert til konferanselokale. Her sit det mykje lærdom i veggane og historieforteljing er opphengd i ramme.

Trådlaust nettverk på garden og overhead, flippover, storskjerm, dvd og videoutstyr.

Eldhuset ligg på tunet. I Eldhuset vert det servert ein variert meny med lokale spesialitetar, med ferske produkt produsert på garden eller frå naboane.
Kapasitet inntil 30 personar.

Eldhuset kan også nyttast til mindre møte.

Aktivitetar:

• Kultursti med guide:
Øyane i Ryfylke har vore ei viktig livsnerve i uminnelege tider. På denne guida turen kan du få høre om sildefiske i gamle dagar – om gamal vikingkultur på øya eller bruk av vindmøller som ein av dei aller første.

• Erotisk oppleving med guide
Det finns mage ulike måtar å formidla eit bodskap. Bautasteinar og fallos steinar er ein av dei. Gjennom ein tur med innleving får du mange humoristiske og interessante historier om emnet. Etter turen vert det servering og fleire historier som får trimma magemusklane på mange måtar.

• Pizza frå den gamle baksteovnen.
Ein intim og triveleg atmosfære. Her kan gjengen sitte rundt bordet og sjølv bestemme kva som skal vere på pizzaen. I steinovnen tek det bere nokre få minutt, så er han ferdig – mmmm.. nyt med god vin eller anna….

• Juleverkstad.
Kva er meir hyggjeleg enn å samlast med gode venner i godt lag. I Eldhuset får du servert ein god middag med god vin og gode historier. Når magen er tilfreds blir de vist korleis ein lagar ulike spanande dekorasjonar. Kjempekos i ei travel førjulstid.

• Gode fiskemogelegheiter og leige av båt.
Hoss oss kan du leige båt og me kan fortelje deg kor fisken står. Fersk fisk – me kan laga han til for deg om du vil.

• Stavangerliljer – Korleis dyrke desse.
Er du interessert i botanikk? Stavangerliljer har vore dyrka her på garden i fleire generasjonar. Det veks hundrevis av liljer hos oss. Har du lyst til å vite meir om dyrkinga eller å kjøpe løkar, så er du hjarteleg velkommen.

• Sjølvhogst av juletre.
Velkommen til å finne det treet som passar for deg og dine. Hos oss kan du velja blant tusenvis av tre. Er det vanskeleg å finna, hjelper me deg sjølvsagt. Kanskje det kunne passe med litt varm sjokolade eller gløgg? Me tilpassar oss til dine ynskje og behov.

• Ulike typer massasje i nyopna klinikk.

Relaterte produkter
Copyright © Terjer Hidle

Finnøy

Norda Hidle

Norda Hidle ligg på øya Nord-Hidle i Sjernarøyane i Ryfylke. Gardshusa ligg i gangavstand frå kaia (5 minutt). Garden tilbyr mange forskjellige aktivitetar. Vær med på Norda Hidle Kultursti. Heile året ligg dei der, spora etter folk i landskapet....


| Reisemål Ryfylke  | NO-4130 Hjelmeland | Tel +47 51 75 95 10 | Fax +47 51 75 07 83 | E-mail: info@ryfylke.com |

Preikestolen