Annonser

Ryfylke og dei beste råvarane – internasjonal TV-matserie

I fleire år no har New Scandinavian Cooking køyrd sesongar med program som fokuserer på god norsk mat, også frå Ryfylke og fjordane på vestlandet.

Tina Nordström
Tina Nordström

Opptak frå 2008 og seinare blir framleis sendt og er gode! Her er fokus på laksen i Suldalslågen (Andreas Viestad fangar laks med hendene), Sterling White Halibut og lam (Tina Nordstrøm ved Jøsenfjorden, episode 13), tradisjonsmat (Andreas Viestad ved Riskedalsvatnet i Årdal). Det er og fokus på frukt, bær og flott Ryfylkenatur med fjordar og øyriket i denne sesongen kalla A perfect Day.  Pr no går noko av serien på BBC, du kan få det inn på ditt fjernsyn. Til saman blir det rekna at kvart program blir sett internasjonalt av minst 50 millionar sjåarar.

Les om programma her på Ryfylke sin presentasjon.

Sist oppdatert   28.02.2013  

Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR