I Ryfylke kan du høyra eit artig uttrykk i daglegtale: “Å bya seg”. Ein god drøs (uformell samtale) når godt kjende treff kvarande på ferja kan starta med: “Skal du bya deg?”. Då kan ein gjerne vera litt pent kledde og skal til byen for å handla.

Foto: Arne Kr. S. Ytreland / visithaugesund.no

Foto: Fløibanen as/Pål Hoff
Men kva og kor er byen? For indre (nordre) Ryfylke er Haugesund mest å rekna for “byen”. Frå Hjelmeland, øyane og sørover (Ytre Ryfylke) er “byen” Stavanger. I dag går turen raskt og effektivt, før i tida var byturen ei dagsreise med fjordabåt.
Som gjest i Ryfylke bør du prøva ein bytur. For Stavanger sin del kan ein greit parkera bilen kostnadsfritt nær ferjeleiet på Tau og kun betala personbillett på ferja. Tilsvarande kan du parkera og ta hurtigbåt frå Sand, Sauda, Judaberg og mange andre plassar. Båtane tek deg effektivt til bysentrum (Fiskepiren) og du får ein flott sightseeing i tillegg!
Stavanger sentrum når du fint over til fots: trehusbyen Gamle Stavanger, Domkirken og parken ved Breiavatnet, Oljemuseet, Hermetikkmuseet og Arkeologisk museum kan du velgja blant. Torget nær domkirken med fruktselgjarane frå Ryfylke (jordbær, eple, plomme osb) og fiskeutsalet i Vågen bør opplevast før du mett av inntrykk dreg tilbake til ferieplassen i Ryfylke.
Har du bil med, kan du oppleva flate Jæren og dei kvite, lange Jærstrendene.
Haugesund når du med eigen bil eller med buss vestover frå Sauda eller Ropeid/Sand. Sildabyen byd på eit koseleg sentrum rundt Haraldsgata og Smedasundet med yrande båtliv. Har du bil bør du besøka Karmøy og Avaldsnes med Norvegen Historiesenter og Olavskirken.
Vil du lengre, kan du ta bilen nordover til Bergen, byen mellom dei sju fjell. Ta Ulriksbanen eller Fløybanen og få overblikket. Start tidleg, rekne god tid!
Om du kjem på Rv 13 eller Fv 520 Nasjonal Turistveg Ryfylke, kan du få med deg vakre Hardanger frå Røldal og nordover.
I Ryfylke finst og to fine småbyar, Sauda og Jørpeland. Begge har livleg handel, vinmonopol og hyggelege spiseplassar midt i vakker natur Sauda har og attraksjonar som Åbøbyen og industriarbeidarmuseet. Prøv kafeen Fars vilje når beina er trøtte. På Jørpeland må du ned i gamle vågen og kvila ut på Rosehagen kafe og galleri.
Vil du ta ein dagstur på heile Nasjonal turistveg Ryfylke er begge byane sjølvsagt besøksmål.