Bli din eigen turleiar langs Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv. 13 og Fv. 520) med gratis-appen Ryfylke MultiGuide!
Våren 2012 lanserte Reisemål Ryfylke som første destinasjonsselskap i landet ein mobilapp for guiding langs Nasjonal turistveg Ryfylke.
Appen brukar GPS-funksjonen på mobiltelefonen til å spela av informasjon når ein nærmar seg ein av dei 27 kulturattraksjonane frå Oanes i sør til Røldal i nord. Turistane kan med lyd, bilete, tekst og lenkjer bli sine eigne turleiarar. Ryfylke MultiGuide er tilgjengeleg for nedlasting i Google Play for Android-telefonar, og i iOS-versjon til iPhone i App Store. Søk på Ryfylke eller bruk QR-koden du finn øvst her.
Last ned ruta Nasjonal turistveg Ryfylke heilt gratis (sjølve appen er gratis, eventuelle kostnadar for nedlasting over mobilt nett avheng av leverandør), og la Ryfylke MultiGuide visa veg! NB! Nedlasting via WiFi-trådlausnett er sterkt tilrådd (t.d. på ferja mellom Tau og Stavanger) for å unngå høge mobildatakostnader!
For meir informasjon last ned folder her: Ryfylke Multiguide Folder. Har du prøvd appen - vennlegst delta i ein spørjeundersøking og hjelp oss forbetre tilbodet - takk!
Omtale på NRK:
Ca. 9,5 min ut i lokalnyhetene 10.05.12 finn du eit innslag om Reisemål Ryfylke sin App, Ryfylke MultiGuide. Her er linken til innslaget på nrk sine sider: http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/845785/
