Annonser

Skriv utSkriv ut

Strand Turistinformasjon


Avstander
Tauca 10 Km
Oanesca 16 Km
Hjelmelandca 55 Km
Fasiliteter

Sesong

Sommer


TripAdvisor
Beskrivelse

Strand Turistinformasjon ligg i Rådhusgata i Jørpeland sentrum i Ryfylke. Kontakt Velkomstsenteret i Strand Kommune for informasjon om opningstidar i 2013.

Strand kommune er 215 km² i totalareal og har ca 11.400 innbyggjarar, dei fleste busett i tettstadene Jørpeland og Tau.

Strand er ein kystkommune med mange flotte tilkomstar til sjøen, samtidig som kommunen også har flotte natur- og fjellområde med mange turstiar som Jørpelandsheiane og Holtaheia. Reinarknuten, Kjortåsen, Førlandsåsen og Moslifjellet er populære turmål.

Hovedattraksjonen nær Strand er Preikestolen, kun 10 min køyring frå Jørpeland sentrum til parkeringsplassen for start for turen (avgift).

Strand kommune har godt utvikla reiselivstilbod. Bygda Bjørheimsbygd har fleire interessante plassar, m.a glasgalleri med utsal. 

Kommunen byr på variert overnatting frå privat overnatting til camping og hytter, rom og hotell. Likeeins finn ein varierte tilbod av matservering frå cafear til restaurantar, gardsmat og take-away, samt nokre pubar.

Relaterte produkter
Copyright © Reisemål Ryfylke

Forsand

Preikestolen

Preikestolen, ofte feilaktig kalla Prekestolen, er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden. Frå gammalt av hadde platået namnet Hyvlatånnå (høveltanna). Det ca 25 x 25 meter flate fjellplatået blei...

Copyright © Reisemål Ryfylke

Forsand

Lysefjorden

I sør startar Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv. 13 og Fv. 520) ved utløpet av Lysefjorden i Ryfylke. Her på Oanes får du ditt første møte med Fjord Norge. Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella, blei forma i istida av dei massive isbreane som...

Copyright © Reisemål Ryfylke. Hanne Sundbø

Hjelmeland

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar...

Copyright © Strand kommune

Strand

Tau

Tettstaden Tau, 10 km frå Jørpeland, utgjer eit knutepunkt i Strand, med ferja til Stavanger, hurtigbåt til fleire plassar samt Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv 13) og andre vegar som fører vidare innover i Ryfylke. Sentrum, som ligg innanfor gangavstand...

Copyright © Olav Breen

Strand

Helleristningane på Solbakk

Tett ved Nasjonal Turistveg Ryfylke på Solbakk i Strand i Ryfylke ligg det i sjøkanten eit område med helleristningar. Feltet, som blei oppdaga i 1923, er datert til ca 500 år f. Kr. Feltet er dominert av skipsfigurar. Både skip og ringfigurar (soler) er...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR