- den mest kjende turistattraksjonen i Ryfylke, og ein av dei mest besøkte naturattraksjonane i Norge. Fjellformasjonen er ofte feilaktig kalla Prekestolen.
Han ragar ca. 600 m over Lysefjorden, nord for fjorden sin ytre del.
Fjordlandskapet er forma av isbrear, og platået på ca 25x25 m vart
truleg forma ved frostsprenging for 10.000 år sidan. Over 120 000
menneske frå heile verda tek fotturen opp kvart år og blir
overvelda av stupet og fjordutsikta.
Rundt år 1900 fann dei fyrste fotturistane vegen hit. I klårt ver kan ein sjå nesten inn til Lysebotn.
Fotturen går frå Preikestolen Fjellstue på tursti i småkupert
terreng; ur, myr og bart berg. T/r: ca. 7 km, 3-4 t, høgdeforskjell 350
m. Godt fottøy og generell god fysikk er nødvendig. Sesong mai - oktober.
For detaljert informasjon om Preikestolen og fotturen sjå under menyvalet Attraksjonar. Her er og fyldig informasjon om Lysefjorden og Kjerag.
Dersom du treng informasjon om transport, sjå Reiseinformasjon i
menyen over.
Velkommen til Ryfylke med Lysefjorden og Preikestolen!
Sjå og www.visitlysefjorden.no