Annonser

Skriv utSkriv ut

Lysefjorden


TripAdvisor
Beskrivelse

I sør startar Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv. 13 og Fv. 520) ved utløpet av Lysefjorden i Ryfylke. Her på Oanes får du ditt første møte med Fjord Norge.

Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella, blei forma i istida av dei massive isbreane som dekte landet. Lysefjorden skil seg frå andre fjordar i Rogaland med all sin villskap. Fjella ragar høge langs store delar av Lysefjorden. Dei når på det høgaste 1 000 meter over havet. Men det er og brådjupt til botnar. Mange detaljar med berggrunn, landskapsformer og lausmassar gjer Lysefjorden til eit særprega og eineståande naturdokument. For dei spreke er det nydeleg utsikt over fjorden frå turmål som Preikestolen, Kjerag, Bratteli og Flørli.

Nyt Lysefjorden 360 grader panorama med bilder frå fugleperspektiv langs Nasjonal Turistvei Ryfylke.
Utsikten kan også nytast frå toppen av Lysevegen ovafor Lysebotn eller frå brua i fjordmunningen.

Ein båttur på fjorden er ei minnerik oppleving der du kan sjå mektige fjell, fossefall, koloniar av steinkobbar, geiter og avsides gardar. Det går fleire sightseeing-båtar frå Stavanger, Forsand og Lysefjordssenteret på Oanes. Turistferje m/ guiding på fjorden med avgang frå m.a. Stavanger, Lauvvik, Forsand, Songesand og Lysebotn m.fl. i sesongen. Tar du ferja har du moglegheit til ein fantastisk "fjord og fjell-rundtur" som kombinerer ferje til Lysebotn og bil tilbake via Lysebotn eller Songesand (vinterstengde vegar).

I perioden 26.05.12 - 22.06.12 går turistferja dagleg t/r Stavanger - Forsand - Lysebotn. Perioden 23.06.12 - 02.09.12 går turistferja dagleg t/r  Lauvvik - Forsand - Lysebotn. Busskorrespondanse frå Stavanger og Sandnes til Lauvvik. Sjå www.lysefjordsightseeing.no for meir informasjon.

Ein såkalla kombibåt med plass for passasjerar og eit fåtal bilar går heile året, alle dagar untatt laurdag, for å dekka lokale transportbehov. Sjå www.norled.no.

Dette tilbodet er oppført som attraksjon i Ryfylke Multiguide, ein gratis app for smarttelefonar.

Relaterte produkter
På kanten

Stavanger

Lysefjord Sightseeing - Norled AS

Norled AS er i tillegg til eit rederi, ein lokal tur-/opplevingsarrangør. Norled har eit fast sightseeingprogram gjennom heile sesongen med spanande turalternativ i og rundt Lysefjorden: - Lysefjordcruise med turistbilferga, Lauvvik - Forsand -...

Copyright © Reisemål Ryfylke - HS

Forsand

Sjøhuset i Bergevik (Ryfylkemuseet)

Sjøhuset i Bergevik, Forsand i Ryfylke, blei bygd i 1850 av Ivar Halvarson Berge. Initialane hans IH er malt ved døra i 1. etasje. Han dreiv frå før trevarefabrikk i Kvernavika, litt lenger inne i Lysefjorden. Etter kvart kom det i gang salting av...

Copyright © Reisemål Ryfylke

Forsand

Preikestolen

Preikestolen er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden. Frå gammalt av hadde platået namnet Hyvlatånnå (høveltanna). Det ca 25 x 25 meter flate fjellplatået blei truleg forma ved frostsprenging for...

Copyright © Hanne Sundbø

Forsand

Hengjanefossen

Hengjanefossen som fell ned i Lysefjorden i Ryfylke er eit av dei mest populære plassane for sightseeingbåtar og andre båtar å gjere eit stopp i fjorden. Det er muleg å gå med båt heilt inn til fossefallet og henta reint klårt vatn i bøtte for å drikka;...

Copyright © Reisemål Ryfylke/H.Sundbø

Forsand

Forsand Turistinformasjon

Kommunen har ca 1150 innbyggjarar og er ein av dei minste kommunane i Rogaland. Arealet er på heile 842 kvadratkilometer. Forsand ligg i kryssingpunktet mellom to større fjordar; Lysefjorden som er 42 km lang og den mest særmerka fjorden i Rogaland...

Copyright © Torbjørn Heggheim

Forsand

Lysebotn i Lysefjorden

Lysebotn er ein liten plass som ligg i enden av Lysefjorden i Forsand kommune, Ryfylke i Rogaland. Det er eit viktig turistmål med over 120 000 tilreisande i året, dei fleste tek turistferja på Lysefjorden hit. På sommarstid (mai - august) går...

Copyright © Reisemål Ryfylke - H.S

Forsand

Lysebotn gjestebrygge

Lysebotn gjestebrygge ligg innst i Lysefjorden i "Friluftsbygda Lysebotn", Ryfylke. Fantastisk miljø for aktivt friluftsliv, og i nærleik til ulike overnattings- og serveringstilbod, ma. Kjerag-Lysebotn Campingg Resort (hytter, B&B,Camping) og Lysefjord...

Copyright © RMR - Inge

Forsand

Forsand Båtforening

Gjestehamn liggande i Bergevik ved sørsida av munninga til Lysefjorden i Ryfylke. Gode hamnefasilitetar og tett ved Lysefjorden Marina. ...

Forsand

Lysefjorden Marina

Lysefjorden Marina ligg ved inngongen til den 42 km lange Lysefjorden i Ryfylke - ein av Norges vakraste og villaste fjordar, og ein stad einkvar kystloffar må oppleve. Enkelte steder steiler fjellveggene 900 meter rett opp, og stedvis er fjorden like...

Copyright © Reisemål Ryfylke / HS

Forsand

Landa Park - fortidslandsbyen

Landa Park – Fortidslandsbyen På Fossanmoen, Forsand i Ryfylke, ligg tuftene etter Landabusetjinga, eit eineståande funn i norsk historie og arkeologi. Det budde folk her samanhengande i 2000 år - frå omlag år 1500 f.kr. til år 600 e.kr. Basert på...

Copyright © Reisemål Ryfylke

Forsand

Lysefjordsenteret - Gjestebrygge

Lysefjordsenteret ligg ved innseglinga til Lysefjorden i nord på Oanes, Ryfylke. Gjestebrygga er open i samband med turistinformasjonen i Forsand og for servering....

Copyright © Hanne Sundbø

Forsand

Lysefjord Sightseeing - Rødne Fjord Cruise

Sightseeing til Lysefjorden og Preikestolen vert utført heile året. Denne 3 timars opplevingsturen som er eit fjordcruise byr på storslått natur, idylliske holmar og skjær, den mystiske Fantahålå, Preikestolen og mykje meir. Inntil 3 avgangar dagleg i...

Copyright © HH

Hjelmeland

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR