Skomakarnibbå (700 moh) er eit særmerkt fjellparti sør for Jøsenfjorden i Hjelmeland, Ryfylke, som kan sjåast i profil frå Nasjonal Turistveg Ryfylke (Rv 13) mellom Vadla og Vindsvik. Eit gamalt segn har gitt namn til fjellpartiet.
Skomakarnibbå er eit flott turmål. Turen startar frå parkeringsplassen før gardstunet på Hagalid. Stien går gjennom variert og flott natur. Den 7 km merka løypa har ein høgdeskilnad på ca. 450 meter, med enkelte bratte parti. Fuktig myrområde før ein kjem opp på Øksnafjellet og kan nyta utsikten. 2,5 timar kvar veg.
På klare dagar er det frå utsiktsplassen på Øksnafjellet og ved Skomakarnibbå eit fantastisk skue over fjell, fjord og øyrike vest- og nordover.
Turen krev skikkeleg fottøy, gåstavar og god kondisjon. Ein bør ikkje forsøke å ta seg ut på sjølve Skomakarnibbå.
Turkart er tilgjengeleg på turistkontoret.