Suldalslågen i Indre Ryfylke er elvestrekket frå Suldalsvatnet (68 moh) til Sand. På denne 22 km lange strekninga renn elva stille og mektig gjennom eit variert natur- og kulturlandskap, kun avbrutt av stryk i Juvet. Siste del av elva går over i imponerande Sandsfossen, før den renn ut i Sandsfjorden. I laksestudioet ved Sandsfossen kan laks og aure studerast på nært hald på veg opp laksetrappa.
Lakselordane frå England gjorde Suldalslågen kjent som sportsfiskeelv i forrige århundre. Dei fekk einerett på fisket og prega området med sine lakseslott og store hushaldningar.
Elveeigarlaget jobbar i dag aktivt for å oppretthalda ein lokal vill-laksstamme, m.a. ved kalking av elva, samt klekking og utsetjing av yngel.
For sal av fiskekort for aure og laks: ta kontakt med Suldal Turistkontor.
Fleire aktivitetar blir tilbydd i tilknytning til Suldalslågen m.a. laksesafari og elveekspedisjon. Kontakt Suldal Turistkontor.