Annonser

Skriv utSkriv ut

Kjerag - fottur


Fasiliteter

Avstand

Lengde i km (9,8)


Generelle fasiliteter

Parkering for buss og lastebil, Parkeringsplass, wc


Gradering

Fargegradert turmerking, Krevende


Natur og terreng

Fjell, Fjellterreng, Fjord, Hav/fjord, Høydeforskjell (460m), Landskapsvernområde, Nasjonalpark, Stor sti, Total stigning (460)


Romfasiliteter

Dusj


Sesong

August, Juli, Juni, Oktober, September


Varighet

5 timer


TripAdvisor
Beskrivelse

Kjerag - majesteten i Ryfylke innst i Lysefjorden i Forsand kommune!

Med 1084 meter ragar Kjerag høgast av alle toppane i Lysefjorden. Fjellmassivet har lenge vore mest beundra frå fjorden, men dei seinare åra har det blitt stadig meir populært å ta turstien til sjølve platået. Dei fleste er nøgd med å nyte utsikten over Lysefjorden frå sjølve platået, men for nokre turgåarar er høgdepunktet å bli foreviga på Kjeragbolten, ei rund steinblokk kilt fast i ein fjellsprekk. Kjerag har også blitt eit populært mål for fjellklatrarar og basehopparar.

Kjerag er også imponerande sett frå fjorden, frå ferje eller sightseeingbåt. Kjeragbolten kan du og skimte 1000 m. over deg.

Fotturen startar frå den avgiftsbelagde parkeringsplassen på Øygardstøl sør for Lysefjorden ved Lysevegen ovafor Lysebotn. Den krevjande løypa går opp og ned fleire ryggar, og har ein høgdeskilnad på 570 m.T/r: 10 km, 5-6 t.

Hugs godt fottøy, varme klede og mat. Generell god fysikk er absolutt nødvendig. Sesong: juni - oktober.

Turstien er ein del av Stavanger Turistforening sitt nyleg utbedra løypenett, kor ein no kan gå Lysefjorden rundt. Ein kan kome til Øygardstøl anten med ferje til Lysebotn og bil/taxi vidare til Øygardstøl eller ved å køyre via Sirdalen på vegen til Lysebotn (vinterstengt veg frå ca oktober til mai/juni, kontakt Statens vegvesen, tlf. 175).

Servicebygg som ligg der stien til Kjerag startar, og rommar toalett og turistinformasjon.

I Kjeragfjellet kan det ein bestemt stad oppunder toppen høyrast eit skotlignande smell samtidig som ein røyk står ut frå fjellveggen. Dette skjer omatt med visse mellomrom. Ein oppmålingsingeniør opplevde dette fenomenet i 1855. Han fortel: "Jeg hørte først enkelte skræld som efterhaanden blev hyppigere og stærkere, derpaa hørte jeg en overordentlig bragen og saae en lysstraale fare i horisontal retning ud fra klippen indtil omtrent midten av fjorden hvor den oppløste sig og forsvandt." Kva dette kjem av er, er usikkert, men bygdefolk har frå tidlegare tider meint at det er vatn som blir pressa ut frå fjellveggen.

Relaterte produkter
På kanten

Stavanger

Lysefjord Sightseeing - Norled AS

Norled AS er i tillegg til eit rederi, ein lokal tur-/opplevingsarrangør. Norled har eit fast sightseeingprogram gjennom heile sesongen med spanande turalternativ i og rundt Lysefjorden: - Lysefjordcruise med turistbilferga, Lauvvik - Forsand -...

Copyright © Torbjørn Heggheim

Forsand

Lysevegen

Den populære turistvegen Lysevegen går frå Lysebotn i Forsand i Ryfylke innerst i Lysefjorden til Sirdal. Vegen blei bygd som anleggsveg i samband med utbygginga av Tjodan Kraftverk og blei offisielt opna i 1984. Før den tid var båten det einaste faste...

Copyright © HH

Hjelmeland

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR