Annonser

Skriv utSkriv ut

Preikestolen - fottur


Transportbeskrivelse
Transport
Bil: Frå Tau fergekai til parkering ved Preikestolen Fjellstue. Eller ta ferje frå Lauvvik til Oanes og følge skilting. Ferje/Buss: Ferje frå Stavanger til Tau. Korresponderande buss frå Tau til Preikestolen Fjellstue i sesongen. Resten av året taxi.
Fasiliteter

Annen overnatting

Overnatting


Avstand

Lengde i km (7,6)


Generelle fasiliteter

Parkering for buss og lastebil, Parkeringsplass, Servering, wc, Åpent deler av året


Gradering

Fargegradert turmerking, Middels


Natur og terreng

Fjell, Fjord, Høydeforskjell (350m), Skog, Stor sti, Total stigning (350)


Romfasiliteter

Dusj


Sesong

April, August, Juli, Juni, Mai, Oktober, September


Varighet

4 timer


TripAdvisor
Beskrivelse

Preikestolen er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden. Den største opplevinga får ein på toppen av det 25 x 25 meter flate platået. Her kan ein nyte fantastisk utsikt over vakre Lysefjorden! Det er gode badevatn og rasteplassar langs stien.
Husk godt fottøy, varme klede, mat og eventuelt stavar.

Turen tek ca 4 timar tur/retur, ca 6 km.
Sesong: april - oktober.

Korleis kome til Preikestolen:
Med eigen bil:
Ferje frå Stavanger til Tau, køyr sørover langs Nasjonal turistveg Ryfylke og følg skiltinga til Preikestolen. Parkering ved Preikestolen fjellstue. Eller køyr til Lauvvik og ta ferje frå Lauvvik til Oanes. Følg Nasjonal turistveg Ryfylke og skiltinga til Preikestolen.

Reis kollektivt: Ta ferje frå Stavanger til Tau og buss vidare frå Tau til utgangspunktet for turen (i sommarsesongen), anten med Boreal eller Tide Buss/Norled.
Utanom sesongen: ta ferje frå Stavanger til Tau, buss frå Tau til Jørpeland og taxi det siste stykket frå Jørpeland.

Dersom du ynskjer større utfordringar - kan du ta ein annan veg tilbake.
Her er tre forslag til å forlengje turen:
1. Legg tilbaketuren via toppen av Moslifjellet. Skilt viser kvar den flotte rundløypa tar av. Frå den 718 meter høge toppen er det utsikt over store deler av Ryfylke.
2. Frå Preikestolen følgjer ei delvis varda løype sørvestover langs kanten av Lysefjorden. Her kan du sjølv avgjera kor mange og kor luftige utsiktspunkt du vil oppsøka. Frå Skåpafjellet vender du nordover og passerer garden Torsnes før du kjem tilbake til Preikestolen Fjellstue.
3. Frå Preikestolen følgjer du hovudstien tilbake til Neverdalskardet. Vidare følgjer du ei merka løype austover til Bratteli ved Lysefjorden. Herfrå kan du ta rutebåt tilbake til Lauvvik/Stavanger - eller vidare inn fjorden til Flørli eller Lysebotn.

Preikestolen kan også opplevast frå sjøen, anten på sightseeing-båt eller turistferje frå Stavanger, Lauvvik, Forsand eller frå fleire anløpsstader i Lysefjorden. Sjå prisar og rutetider på www.norled.no og www.rodne.no.

Les meir om attraksjonen Preikestolen!

Preikestolen er også oppført som attraksjon i Ryfylke Multiguide - ein gratis app for smarttelefonar.

Relaterte produkter
Copyright © Reisemål Ryfylke

Forsand

Lysefjorden

I sør startar Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv. 13 og Fv. 520) ved utløpet av Lysefjorden i Ryfylke. Her på Oanes får du ditt første møte med Fjord Norge. Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella, blei forma i istida av dei massive isbreane...

Copyright © HH

Hjelmeland

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar...

Copyright © Yunshim Choi

Forsand

Preikestolen

Preikestolen er den mest kjente turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden.

Copyright © Corrado Filipponi

Strand

Preikestolen Turistinformasjon

Preikestolen turistinformasjon finn du på parkeringsplassen for fotturen til Preikestolen. Her vil du få god hjelp av dei lokale turistvertane til informasjon om vandring, Nasjonal turistveg Ryfylke, overnatting, aktvititetar i Ryfylke og Stavanger...

Copyright © Reisemål Ryfylke/H.Sundbø

Forsand

Forsand Turistinformasjon

Kommunen har ca 1150 innbyggjarar og er ein av dei minste kommunane i Rogaland. Arealet er på heile 842 kvadratkilometer. Forsand ligg i kryssingpunktet mellom to større fjordar; Lysefjorden som er 42 km lang og den mest særmerka fjorden i Rogaland...

Aurland

The Fjords DA- turistbilferja på Lysefjorden

Turistbilferje tek deg med på ein eineståande tur på Lysefjorden og til berømte Preikestolen og Kjerag. Opplev eit innhaldsrikt fjordcruise på ein av Norges mektigaste fjordar. Turen på den 42 kilometer lange Lysefjorden er fylt med opplevingar som...

Copyright © Kai Gangstad

Bergen

Fjelltur til Preikestolen (Tide Buss og Norled)

Fjelltur til Preikestolen, pakketur buss og ferje (Tide Buss og Norled) Sesong: April - September Fottur til Preikestolen med ferje til Tau frå Fiskepirterminalen i Stavanger (35 min). Kjøp billettar ombord (be om kombinasjonsbillett ferge + buss)....


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR