Annonser
Den kvite vinteren treng ikkje vera langt unna, det er kort veg til heis! Skiutfartsområde i Ryfylke:AlpinRyfylke i Rogaland er og ein god plass for snø og ski, alpin-tilbodet er sikra i Svandalen i Sauda med snø-kanon som vert sett på så snart kuldegradane kjem i desember. Sjå snørapport frå Sauda. Også i Suldal kan du svinga deg nedover på snøen fra om lag nyttårstider. Den grøne vinteren finn du langs fjordane. Slapp av på ei hytte, la ungane leika ute, tenn opp i peisen og kos deg i fred og ro. Skitrekket har lang opningstid, sjå www.saudaskisenter.no LangrennLangrennsløyper finnst fleire plassar. Test kondisjonen eller rusle ein tur (sjå kart over langrennsløyper) rundt i Gullingen-området (sjå ski- og løypeinformasjon på www.suldal-skiinfo.no) i Suldal, Lyngsheia i Årdal eller i dei flotte turområda rundt Sauda. Sjå Langrennsrapport frå Sauda. Ta båten til fjells i vinterferien eller til påske! For detaljert informasjon om ver og føretilhøve, kontakt Turistkontora.Sightseeing på fjordenDet finst og turar med sightseeing båtar vinterstid frå januar og ut mars. Sjå under ”Sightseeing og rundturar”. I vintersesongen går det båt frå Stavanger til Sauda : Ekspress skibåt og gratis skibuss frå Sauda til Svandal. (Sesongen er over for denne gang for skibåten. Velkommen tilbake neste sesong.) Sjå også vår presentasjon på www.visitnorway.no. Du finn òg informasjon om vinteraktivitetar ved å søke under Aktivitetar og Attraksjonar. I vinterferie og til påske skjer det ekstra mykje!
Ski, brett, aking, truger. Prøv det i Sauda! Fjordcruise - også vinterstid!
Ta båten til fjells, så buss opp til snøen.