Annonser

Skriv utSkriv ut

Mo Laksegard


Fasiliteter

Aktiviteter

Båtturer, Fiske i elv (Suldalslågen), Fjellvandring, Fritidsfiske, Laksefiske, Padling


Båter

Kano


Camping og hytte

Hytter m/dusj/wc


Forretningstilbud

Sportsforretning


Generelle fasiliteter

Svømmebasseng/ute (oppvarmet), Telefon


Kjøkken og hushold

Felles frysemuligheter, Minikjøkken, Område til rensing/behandling av fisk


Romfasiliteter

TV


Sesong

Hele året


Utleie

Båt, Kano


Vintersport

Merkede løyper


Kontakt
Adresse:
4230 Sand

Telefon52 79 76 90
Telefon970 42 825
E-postpost@molaks.no
Webwww.molaks.no


Beskrivelse

Mo Laksegard ligg naturskjønt til i Sandsbygda like ved lakseelva Suldalslågen i Ryfylke og nær Nasjonal turistveg Ryfylke.

Laksegarden er bygd opp rundt eit gamalt gardsbruk, og er i dag ein triveleg ferieplass for store og små. Her tilbyr ein 3 hytter, 50, 50 og 90 m2 (A), og 3 loftsleilegheiter på 60 m2 (A) og 85 m2 (B). Alle moderne og av høg standard. 6 sengeplassar i kvar eining. Bad m/dusj og WC. Fullt utstyrt kjøkken med komfyr med steikeomn, kjøleskap, oppvaskmaskin, kaffitraktar. TV (m/satelitt i 3 av einingane), radio og telefon. Vinterisolert.

Fellesanlegg består m.a. av peisestove, hagestove, oppvarma utandørs symjebasseng, vaskerom m/vaskemaskin og tørketrommel, og fryseboks.

Kun 5 min. m/bil frå fjorden med gode muligheiter for sjøfiske, og 10-30 min. m/bil til gode aurevatn. Båtar 14 fot med 6-8 hk motor kan leigast i fjorden. Februar/mars - fjordfiske etter havtorsk. Sommarstid finst sei, torsk, lange, uer, hyse, brosme, kvitling. Laks og sjøaure på dorg i juni og juli. Krabbefangst. August/september makrell. Ålefiske i elvemunninga. Fisketur med fiskekutter med lokal fiskar kan arrangerast. Laks og sjøaurefiske på fleire gode strekningar i Suldalslågen frå ca 15. juli til ca 15. september. Transportabel kano til leige. Fine turmuligheiter med merka stiar med Mo Laksegard som utgangspunkt. Laurdag er skiftedag. Fastlandssamband nord- og austover.

Vert Bjørn Moe snakkar og skriv engelsk og tysk.

Relaterte produkter
Copyright © Mo Laksegard

Suldal

Mo Laksegard - Konferanse

Meir enn ein konferansestad på Sand i Ryfylke. Mo laksegard ligg idyllisk til i Sandsbygda nær kommunesenteret Sand i Suldal. Suldalslågen renn rett nedanfor garden. Kurs og konferanselokalet vårt er eigna for grupper frå 2 til 34 personar. Det...

Copyright © Reisemål Ryfylke - HS

Suldal

Nesasjøhuset (Ryfylkemuseet)

Nesasjøhuset ligg i Nordenden på strandstaden Sand i Ryfylke, og er hovudsetet til Ryfylkemuseet. Sjøhuset blei bygd kring 1850. Det var Sven Rasmussen som fekk det sett opp i dei gode sildeåra. Her blei nøter og båtar lagra og silda salta. Derfor var...

Copyright © Reisemål Ryfylke HS

Suldal

Sand

Sand er kommunesenter i Suldal kommune i Ryfylke, og har ca. 1100 innbyggarar. Den nasjonale turistvegen Ryfylke, Rv 13, går gjennom Sand. Tettstaden ligg vakkert til heilt nede ved Sandsfjorden og har mykje av sin karakter som gamal...

Copyright © Mo Laksegard

Suldal

Laksesafari, Elveekspedisjon og Guida fiske

LAKSESAFARI Flyt nedover Suldalslågen frå Mo Laksegard i ei solid overlevingsdrakt! Sjå villaks og sjøaure under vatn. På eit kort kurs i bassenget på Mo Laksegard får ein opplæring om sikker åtferd og korleis ta seg fram i elvestraumen i Suldalslågen...

Copyright © HH

Hjelmeland

Nasjonal turistveg Ryfylke

Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Ryfylke på Rv. 13 og Fv. 520 er 183 km, og ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke går frå Oanes ved Lysefjorden til Hårå i Røldal. Dei 18 Nasjonale turistvegane i Norge byr på køyreturar...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR