Annonser

Skriv utSkriv ut

Energihotellet


Fasiliteter

Aktiviteter

Fiske i vann, Fjellvandring, Teambuilding


Kapasitet

Antall senger (28), Dobbeltrom (14), Max antall personer i restauranten (65)


Sesong

Hele året


Beskrivelse

Energihotellet i Ryfylke ønskjer deg velkomen til storslagne Suldalsopplevingar!

Hotellet ligg roleg og solrikt plassert med utsikt sørover, her ser ein heile bygda Nesflaten og mykje av vakre Suldalsvatnet, ein kort avstikkar frå Rv13.

Energihotellet har fokus på å skape gode opplevingar knytt til lokal mat, kultur og formidling av vasskrafthistoria i Suldal. Den fredelege naturen rundt inviterer til opplevingar til alle årstider.

Frå alle 14 soverom er same flotte utsikta som i spisesalen og salongen. Her kan ein nyta lokalmat eller drikka lokalbrygga øl medan ein sit i dei originale 60-tallsmøbla i salongen.

Den kjende arkitekten Geir Grung teikna på 60-talet kraftstasjon, bustader og personalhotell i funksjonalistisk stil i samband med kraftutbygginga til Røldal-Suldal kraft. Det har gitt eit heilt spesielt område på Nesflaten kalla Kilen.

Energihotellet blei starta som hotell i 2007 etter at Hydro solde det tidlegare personalhotellet. Arkitektane Helen & Hard fekk oppdraget med å modernisere interiøret, men hadde eit klårt fokus på å ta vare på den spesielle stilen til Grung.

Les Dagbladets artikkel om Energihotellet og meir om historia bak hotellet.

Rv 13 Ryfylkevegen er historisk interessant. Båtturen med Suldalsdampen på Suldalsvatnet og kjerrevegen opp Brattlandsdalen var marknadsførd i England frå 1880-talet som viktig del av Discovery Route, ein opplevingsveg vidare til Hardanger.

Hotellet ligg godt plassert i høve turar til Røldal og Hardanger, Suldalsosen med butikkar og Kolbeinstveit bygdetun og resten av Ryfylke sørover. Ta stien opp til husmannsplassen Røynevarden og ha piknik her!

Aktivitetar:
April – september: God sesong for vandring og fiske, hotellet sel fiskekort til Suldalsvatnet.
Fottur: frå Bleskestadmoen til Haukeliseter er ei fin rute som kan kombinerast med opphald på Energihotellet.
Vinter: kort vei opp til Røldal skisenter.
Badebasseng oppvarma (Nesflaten skule).

Arrangement: Gjennom året satsar hotellet på å ha fleire opne kulturarrangement, m.a. ein operafestival.

Relaterte produkter
Copyright © Hanne Sundbø

Suldal

Energihotellet - Konferanse

Aktivitetar for grupper (tinging på førehand). Energihotellet kan by på fleire aktivitetar og turar, kor turen til Tørkeloftet på Mostøl er den mest kjente ("Matsafaripakken"). Her får ein omvisning og smaksprøver i Tørkeloftet kor «Skinka frå...

Copyright © Hanne Sundbø

Suldal

Nesflaten i Suldal

Nesflaten er ein tettstad i Suldal kommune i Ryfylke. Nesflaten ligg på nordsida av Suldalsvatnet, og Rv 13 går gjennom bygda. Ca. 80 husstandar soknar til Nesflaten. Tettstaden har ein butikk, skule, barnehage, kapell, kafe og hotell. På Nesflaten...

Copyright © Ryfylkemuseet

Suldal

Bygdetunet Kolbeinstveit (Ryfylkemuseet)

Kolbeinstveit er ein museumsgard som ligg langs riksveg 13 om lag fem km aust for Suldalsosen i Ryfylke. Hovudbygningane i tunet er stovehuset og løa frå ca. 1850. Heimehuset er eit typisk Ryfylke-hus. Løa på garden var moderne for tida sidan mest alle...


Kontaktinformasjon

Reisemål Ryfylke AS | NO-4130 Hjelmeland

Tlf: +47 51 75 95 10 | E-mail: info@ryfylke.com

Logo RmR